Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Siste i Hedmark, blindebukk i steinurda

Datum:
21.07.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:42h
Entfernung:
10,7km

Eg pleier ikkje å gå desse litt større toppane i dårle værmelding, men gjorde eit unnatak i dag. På veg heim frå Trondheim, overnatta på Røros, hadde gått til Melhus-toppen dagen før, og det var berre Sålekinna i Os eg mangla, så eg kledde meg i regnbukse og Goretex, og starta å gå litt etter 1000 frå parkeringsplassen ved Øversjøen gard. Toppen låg i skodde, men riset mellom dei to toppane låg under skodda. Følgde stigen litt for langt oppover mot den høgre toppen og måtte krysse ei ur horisontalt for å kome bort til vardane som står på bandet mellom toppane. Skodda låg eit stykke oppover, så eg hadde litt grunnlag for å velje ei austre rute oppover, mest grass og ikkje så bratte hamrar. Hadde venta meg nokre varder å følgje, men fekk ikkje auge på nokon. Fann >>>

Karte    

Flott vêr til Rensfjellet

Datum:
20.07.2019
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
15,4km

Etter jobb i Trondheim fredag, kom eg meg ut av. byen kl 0900, og køyrde til Lundamo, så Samsjøen. Perfekte turforhold, blå himmel, passe varmt for t-skjorte og shorts, men ei lufting som heldt insekta borte. Følgde raudmerkt stig til topps. Ikkje berre raude merke, men eit par benker også og namneskilt og avstandsmerke. Rasta ved den store varden, gjekk så over til kommunetoppen før eg følgde same løypa nedatt. Eg greidde turen opp på knappe to timar, og det var eg nøgd med, men ikkje heilt nøgd med forma likevel, ville gjerne kjend meg sprekare. Då vi gjekk til Kråkfjellet i vinter, vurderte vi dette dom flott skiterreng, men traseen til Rensfjellet var også veldig fin sommarstig. For dei som løper, tenkjer eg at denne turen eignar seg for det. Spiste årets fem første mogne >>>

Karte    

Endeleg Surtningssue - i draumever!

Datum:
13.07.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:30h
Entfernung:
22,5km

Etter å ha følgd med på yr for utvalde helger over fleire år, bestemte vi oss for å prøve Surtningssue denne helga. Fullkomen vermelding, og slik blei det også. Køyrde frå Oslo kl 1200, rakk siste båten frå Gjendesheim kl 1730, og spiste middag på Memurubu fredag kveld. Vi starta å gå kl 0990, og valde å gå Raudhamrane opp, og Memurudalen ned. Perfekt vêr, vindstille, sol, men ikkje for varmt i motene. Men starten var litt brutal, 500 hm som Tom gjekk litt fortalte enn eg ville ha likt, og eg merkte at forma ikkje var heilt på topp. Då vi kom fram til løypekrysset ned til Memurudalen presterte eg å snuble på nesten flatmark og datt slik at eg øydela speilreflekskameraet som eg bar over skuldra. Knærne og handa blei skrubba opp, men ikkje så ille at det øydela noko >>>

Rask regnverstur til Rust

Datum:
07.07.2019
Tourlänge:
0:52h
Entfernung:
3,0km

Anniken, Tom og eg gjekk raskt og tok tida på veg opp der målet var å greie det under 50 minutt. Det greidde vi. 52 min og 40 på meg, men det var frå bilen, ikkje frå Dammen der vi pleier å starte klokkene. regnver heile vegen, litt snø på bakken på toppen. Deilig å gå rett i badstu då vi kom tilbake til hytta. 45 minutt ned utan å stresse.

Karte    

Rask tur til Furufjell

Datum:
06.07.2019

Før regnværet som var meldt gjekk eg ein fin liten tur til Furufjell. Utan GPS-klokke denne gongen.

Karte    

Bursdagstur i Mælefjell

Datum:
15.06.2019

Morgontur til Lindesnes

Datum:
02.06.2019
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
4,8km

Karte    

Traff Svolheia rett på

Datum:
02.06.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:42h
Entfernung:
2,2km

Karte    

Første av tre blei Ørteknappnuten

Datum:
01.06.2019
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:54h
Entfernung:
3,6km

<gallery> image:bakken59_20190601_5cf296154550e.jpeg image:bakken59_20190601_5cf2963f3a91b.jpeg </gallery> Etter overnatting på Heddan gjestegard i Hægebostad, køyrde vi til Marnardal og inn Rolandsvegen til Bjønnjordstjønna. Der parkerte vi, og følgde stigen inn forbi hyttene og så vidare oppover heilt til topps. Godt merkt stig, fint toppunkt ned varde og utsikt. Til og med litt sol fekk vi, rein bonus erter å ha vakna på Heddan i silregn. Brukte 30 min opp, mindre besatt slik at totalen blei 55 minutt inkludert liten pause på toppen.174 hm. 3,65 km. Anne og Eirik var med.

Karte    

Oksla blei nr 3

Datum:
01.06.2019
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
11,4km

Karte