Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (417)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Lang flott tur til Oddevassheia og Venehei
- Dato:
- 25.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 9:00t
- Distanse:
- 24,6km
Greidde å rydde plass til ei langhelg denne siste helga i juni, for no er det så langt til alle kommunar eg ikkje har dekt, at ei vanleg helg blir litt knapp for topprosjektet. Denne gongen var eg ute etter dei vestlegaste kommunane i Vest-Agder. Det er langt å køyre frå Oslo! Vi starta etter jobben og i trafikken på torsdag. Måtte stoppe hos gamle foreldre på Sathelle, og dermed var vi framme i Knaben kl 0100 natt til fredag. Vi kasta opp tomannsteltet på campingsplassen, det måtte gå fort, for heile plassen surra av knott. Og vel inne i teltet var taket svart av knott etter å ha hatt teltet det opent lenge nok til å krype inn. Ikkje anna å gjere enn å krype ned i soveposen og dra den over hovudet.
Vi køyrde opp til gruva morgonen etter for å få litt lufting rundt knottsvermen, >>>
Ny rekord til Rust
- Dato:
- 18.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:29t
- Distanse:
- 5,8km
Etter hyttekontor køyrde eg til Dammen og gjekk alt eg kunne til topps. Persa med 30 sekund. Har ikkje så mykje å gå på no, må betre forma ein del for å kome under 43 minutt, kjenner eg. 43.19 i dag. Omtrent det same nedatt. 1 time 29 minutt. 482 hm. 5,78 km. Gjekk aleine.
To topper med sykkel imellom
- Dato:
- 12.06.2021
- Turtype:
- Blandet sykling
- Turlengde:
- 3:51t
- Distanse:
- 18,4km
Kosetur til Furufjell
- Dato:
- 05.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:10t
- Distanse:
- 5,2km
Gjekk frå hytta til Furufjell. Nydeleg vær. Hyggjeleg turfølge. 5,2 km, 2 t 11 min. 339 hm. Tellef var med.
Personleg rekord til Rust
- Dato:
- 04.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:28t
- Distanse:
- 5,5km
Heimekontor på hytta. Etter jobb gjekk eg så raskt eg kunne frå Dammen til Rust. Greidde å perse med 3 minutt. Fin temperatur å gå i. Stadig betre vær. 23.56 opp, 1 time og 28 t/r. 489 hm. Gjekk aleine.
Vettakollen og Fuglemyrhytta
- Dato:
- 02.06.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 7,4km
Sykla til Ankervegen, gjekk så raskt til Vettakollen og Fuglemyrhytta og tilbake. 7,4 km på beina, 1 t 31 minutt, 287 hm. På sykkel 5 km, 19 min og 66 hm. Aleinetur.
Rust i mai
- Dato:
- 29.05.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:02t
- Distanse:
- 5,7km
Så kom sommarveret til Østlandet og Langlim. Tom og eg køyrde til Valedammen og bestemte oss for å gå så fort vi kunne til topps. Vi brukte under 47 minutt, men kom ikkje under min rekord på 46.26 frå 2016. Så det får bli fleire forsøk framover sommaren. Drakk og spiste ein bolle i lyngen på toppen, før vi gjekk roleg nedatt. Stoppa og snakka med hyttenaboar på veg opp to gonger. 2 timar og 3 minutt. 5,67 km, 481 hm. Tom var med. Herleg tur!
Vårkveld til Vettakollen
- Dato:
- 20.05.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:13t
- Distanse:
- 5,6km
Sykla opp til Ankervegen, gjekk derifrå. Sykla heim att. Fin vårkveld.
Lodalskåpa - eventyrleg dag
- Dato:
- 14.05.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 14:00t
- Distanse:
- 22,5km
Etter å ha bestilt og betalt guida tur til Lodalskåpa for 2,5 år sidan, klaffa det endeleg denne kristi himmelfart-helga. Vi køyrde over Strynefjellet til Loen og Lovatnet, og så nesten opp til Bødalsseter. Det låg snø dei siste 200 metrane før parkeringsplassen. Vi hadde leigd hytte av Erik Bødal, og rigga oss fint til der etter å ha gått guiden vår i møte og hjelpt han med å bere låneutstyret fram til hytta. Han fekk det eine rommet slik at vi kunne starte samla dagen etter. Dagen starta med mildt vær og lett skylag, men vermeldinga var positiv. Vi gjekk på ski med litt bare flekkar innover. Vi heldt til høgre i dalen, for der låg det mest snø, men det gjorde at vi ikkje fann ein god stad å kryssa elva, og det endte med at vi vassa over. Så kravla vi oss opp omtrent >>>
Maitur på ski til Bislingen
- Dato:
- 08.05.2021
- Turtype:
- Skitur
- Turlengde:
- 2:14t
- Distanse:
- 20,0km
Fanga opp at dei skulle køyre spor frå Myllsdammen fredag kveld, og det stemte. Starta 1030 og gjekk først til Trantjern, møtte Helge G tilfeldigvis, og gjekk saman med han tilbake til Åssjøbukta. Derifrå gjekk eg opp til Bislingen og bortom høgaste punkt. Heilt fantastisk flott vær, og overraskande mange som nytta høvet til å få med seg enda ein skitur frå Mylla. Begge parkeringsplassane var nesten fulle. Vrient føre, eg gjekk på raudt klister, men korkje festet eller gliden var heilt patent. I skuggen langs Mylla var det periodevis harde flotte trikkespor, men stort sett var det mjukare og trå slush. Helge hadde starta kl 0800 i dag tidleg, det var nok mykje betre. Men skaren heldt framleis utafor spora på Bislingen. 20 km, 2 timar og 14 minutt, 390 hm. Gjekk aleine. Har >>>