Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lysekammen - fin tur med seig start

Date:
22.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:45h
Distance:
14.8km

For seks år sidan hadde vi planlagt å ta denne turen, men vakna til skodde og regn, og droppa det. Etter å ha gått turen i dag, tenkjer eg det var lurt, regn og skodde passar ikkje på denne turen ( eller kanskje ikkje for toppturar i det heile tatt?). Hauane b&B held stengt denne coronasommaren, men eg tok ein telefon, og anleggsvegen er open i heile sommar. Heldige der! Starta ikkje før nærmare 1100, for vêret var meldt betre utover dagen. Gjekk frå Tangastølen. Opp til stølen, og så bratt opp til høgre for den vesle fortoppen, fekk sjå fossen med ein minibolt, kryssa bekken nedanfor fossen og gjekk over den vesle fortroppen og kom så opp skardet. Der opna det seg ein fin grasdal med bekk og sauer. Fin stad. Drog så opp langs bekken, to-tre trange skard måtte vi passere, >>>

Map    

Kjerag i grått vær

Date:
21.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
10.8km

Køyrde frå hytta i Telemark til Øygardsstøylen. 300 kr for å parkere. Stivt! Tydelege åtvaringar frå parkeringsvakta som lova oss skodde og regn og 10 sekundmeter vind. Men vi roa han ned med at vi var godt utstyrt, og han endte med å seie at den estimerte tida på 5 timar var romsleg. Norske turgåarar i OK form burde greie det på fire sa han. Det gjorde vi, 3 t 30 gåtid, 3.59.40 totalt! Vi fekk både regnskurer og litt vind, men heldigvis også utsikt! Vi var heilt rett kledd, supert med skihansker med tanke på alle kjettingane som var monterte i dei brattaste svapartia. Fine sherpatrapper fleire stader. Sjølv om det regna, hadde vi ikkje problem med feste, støvlane sat godt på ruglete berg. Vi gjekk først til Kjeragbolten som vi ikkje gjekk utpå. Heilt utenkjeleg når ein >>>

Map    

Øyungskollen

Date:
13.07.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:30h
Distance:
6.9km
Map    

Høgenhei, barndomslandskap

Date:
11.07.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:30h
Distance:
6.3km

Kveldstur på Stathelle. Sterkt og flott å gå til Høgenhei og bortover langs flauene til Grasmyr. Har ikkje tatt denne turen sidan 70-talet. Kveldssol, deilig kjend vegetasjon. 6,3 km, 1 time og 30 minutt. 245 hm. Gjekk aleine.

Map    

Øyensskavlen blei siste på denne turen

Date:
07.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:40h
Distance:
11.5km

Formiddagstur før den lange køyreturen heim til Oslo. Starta i OK vær, ikkje varmt men lyst opphald. Gjekk ca 4 km på veg då eg tok av rett opp lia. Følgde grei stig. Oppe på platået såg eg ein hare. (Morsor såg fem!) Framme ved tårnet skya det meir over, og på veg til varden kom regnet. Gjekk til høgre for den vesle tjønna bort, burde ha gått til venstre der det er stig. Nådde toppen i regn og utan særleg utsikt pga ein tåkedott. Den dreiv til side, og på veg ned mot tårnet slutta det å regne. Rutsja ned lia att, men fann ikkje stigen, så tok den på kjensla, ser etterpå at eg kom for langt til høgre. På vegen nedover starta det å regne igjen, meir jamnt denne gongen. Nedst i grusvegen møtte eg først ein familie på fem, så to damer og eit par. På dei fem turane >>>

Map    

Beingårdsheia var fin!

Date:
06.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:32h
Distance:
9.9km

Køyrde frå Namsos, fann bomvegen til Sandvatnet. Tok stigen langs høgre side av vatnet inn til den inste hytta. Så skar eg myrene opp til høgde 291, der det faktisk var ein stig som tok meg ned på myra nedanfor. Mista den att, skar over den tørrlagde elva. Så opp nye myrdrag med flotte myrull- og flekkmarihandfelt. Oppå platået gjekk eg først til den vesle varden som Knut Sverre har sett opp på 612, la inntil ein stein for å bidra. Så bort til varden på 611, og så tilbake til den vesle hamaren rett nedanfor varden på 612, der eg fann den finaste rasteplassen i le nedanfor hamaren på tørr lyng og med ein stein i ryggen. Supert! Såg fem store rovfuglar kretse over meg. Trakka nesten på ein fugleunge, og gjekk på ein ormeham. Same vegen nedatt. 3 timar og 36 minutt, 9,89 >>>

Map    

Hemnafjellet, andre tur for dagen

Date:
06.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:44h
Distance:
14.3km

Etter å ha gjort unna Beingårdsheia, drog eg til Statland og fylte bensin, og kjøpte meg litt meir drikke og eit wienerbrød. Så psyka eg meg opp og køyrde inn forbi Sundsvatnet. Følgde beskrivinga på ut.no. Dessverre var grusvegen stengt, så eg måtte gå nesten ein kilometer på veg før eg fann staden der stolpane som markerer heile traseen starta. Var ganske mør og støl, så eg eg bestemte meg for å gå roleg og jamnt. Det gjekk veldig fint! Stoppa ikkje i det heile, og greidde å halde ei jamn fart heile vegen opp. Veret endra seg dessverre. Det bles meir og meir, og toppen var gøymt i skyer då eg var komen så høgt opp at eg kunne ha sett han. Skikkeleg surt blei det, og då eg kom fram til varden, var det deilig å ta på tørr trøye og dunjakke med hette. Åt wienerbrødet >>>

Map     4 comments

Litt seig opptur, men flott topplatå

Date:
05.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:15h
Distance:
11.3km

På veg sørover frå Mo i Rana, der eg tar turen på nokre dagar med innlagde kommunetoppar, hadde eg bestemt meg for Fosnes og Grønkleppen i dag. Køyrde frå Mosjøen og fann greitt vegen inn mot Fiskåhaugen. Køyrde heilt inn, dvs kryssa sementbrua, og parkerte på parkeringsplass der ved sidan av ein annan (!) bil. Såg aldri noko til sjåføren, og bilen var borte då eg kom ned att. Stigar hadde eg ikkje registrert, så eg gjekk ned til brua igjen og busha oppover frå andre sida av elva. Ganske brutal start på ein tur, rett opp i myr og vegetasjon først, og så på sva og i glissen furuvegetasjon. Mykje insekt i starten som eg verkeleg mislikar. Dette er ikkje første gong eg har gått med følge av klegg og brems her i Trøndelag! Dei forsvann då eg kom opp til første nut, der >>>

Map    

Lang tur i flott terreng og i supert vær

Date:
04.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:47h
Distance:
25.0km

Denne turen hadde eg tenkt som skitur, men i vår blei det ikkje tur til Mo i Rana, og når værmeldinga plutseleg snudde, og det var meldt stor gul sol og lite eller ingen vind, blei det Nordtoven på beina. Eg vurderte å gå frå Elsfjorden, men at det var stigar halve vegen avgjorde. Litt deilig når ein ikkje er kjend, og når det var så mykje snø i fjellet som det er no. Køyrde inn vegen mot Neverli og stoppa der bommen var (open), men privat veg var tydeleg kommunisert. Det var bra, for eigarane møtte eg etter kvart. Då var det deilig å ha oppført seg ordentleg! Fin grusveg med grasparti i midten. 2 km inn til Neverli. På Neverli møtte eg to karar som arbeidde med å rydde nokre trær. Dei inviterte meg på kokegropkokt kjøt når eg kom nedatt! Gjekk så vidare over tunet i >>>

Map    

Frå Andfiskvatnet via Bjørnhaugen til Mo

Date:
02.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:09h
Distance:
16.3km

Tom køyrde meg eit stykke inn langs Andfiskvatnet, der var det ein bom som ikkje var markert på ut-appen. Det var greitt nok. Eg følgde vegen i 6 km før den endte i ei dør i fjellet. Vasskraftanlegg kanskje?Derifrå var eg litt i tvil om eg skylle gå til høgre eller venstre for å forsere berget, men traseen til høgre som eg valde var heilt grei. Ikkje spor av stig, men eg gjekk meg ikkje fast i svaa heller. Regn av og på, ei haglbyge kom då det var som brattast. Hadde regnbuksa av og på to gonger. Fann toppunktet med varde og stake og etter kvart også den breie stigen som går langs med platået. Det sprakk opp, og sola kom fram rett etter eg hadde passert toppen. Då rasta eg, og det steig damp frå vått terreng. Storslått flott landskap med mykje snø no 2. juli. Følgde berre >>>

Map