Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Hestgrovheia i vind og ver

Datum:
12.07.2017
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
6,5km

</gallery> <gallery> Kom frå ferga på Andenes, og navigerte meg opp i Solemsdalen. Køyrde for langt, var sjølvsagt utan kart, og misforstod eit par av turrapportane. Så eg rota litt før eg kom i gang. Parkerte i vegdelet der det står pil med Vester varden. Gjekk så traktorvegen opp til der det står skilt med Steinbrudd, ein kunne kanskje køyre heilt opp her med eigna bil. Følgde skiltet det stod gamle sti på eller noko sånt. Det var grått, med ganske kraftig vind. Eg gjekk på det eg orka. Såg vel skuggen min ein gong, men toppen låg i skyer, og det var ikkje noko særleg sikt på noko tidspunkt. Skiltet ved toppvarden gjorde eit nummer av at ein herifra "ser alt", men det galdt ikkje for meg i kveld. Veldig godt merkt stig etter at ein hadde gjort unna den >>>

Karte    

Osplikammen i gjørme

Datum:
12.07.2017
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
4,2km

Ausregn heile den lange vegen frå Vikna til Austrått i dag. Men då eg svingte inn på parkeringsplassen ved Vindset, var det opphaldsver, nesten sol! Men fordi himmelen elles var mørk, tok eg på meg fullt regnhyr. Det var bra, for eg fekk i alle fall tre regnbyger på turen. Dessverre litt dårleg sikt på toppen. Men hovudinntrykket var utruleg gjørmute stig! Etter to dagar med regn, var det verkeleg eit strev å halde meg ute av søyla! Brukte 1 time og 13 minutt på 4,2 km. 278 hm. Gjekk aleine. Fortsatte til Austrått der eg ikkje rakk opningstidene, det stengte kl 1600. Men vandra då rundt borga. Inn i fergekøen ved Brekstad etterpå.

Karte    

Vattafjellet

Datum:
11.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,6km

Etter våt tur i føremiddag, var det fint å tørke seg og spise og kvile i hytte på Kleiva camping. Men så klarna det opp, og eg køyrde ut til Austafjord og sette frå meg bilen ved oppvekstsenteret. Hadde tenkt å kopiere ruta til aask og 500fjell, men greidde å tulle det til, gjekk for langt langs vatnet. Kom meg no inn på stigen etter kvart, og hadde ein grei tur bort til toppen. Tok ein liten runde der oppe før eg gjekk nedatt. Brukte 1 time og 23 minutt på 4,8 km. 206 hm seier vel litt om kor lite effektiv trase eg fann.

Karte    

Romsskåla

Datum:
11.07.2017
Entfernung:
7,3km

Etter våt natt i telt utan kvalitetsvevn for å seie det mildt, sov eg ein time i bilen medan regnet dundra ned utafor. Så starta eg turen til Romsskåla. Lummert opphaldsver delar av vegen oppover. Greidde å bomme på staden der stigen tar av frå kjerrevegen sjølv om Knut Sverre hadde advart om det. Måtte snu. Hadde ikkje nett, og lite batteri på gps'en, så eg gjekk berre på raude merke og vardar. Fungerte ganske greitt, men litt pussig merking gjorde at eg måtte reorientere meg nokre gonger og ta meg inn att. Trur dette eigenleg er ein kjempefin tur, men eg hadde altså minimal med sikt. Då det var opphaldsver, var det mykje fluger, og på toppen starta det å regne att. Såg ein glimt av Heilhornet på veg opp, og gjekk så på vona om å få eit ordentleg syn seinare, men akk >>>

Karte    

Kveldstur til Lysingen

Datum:
10.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
12,3km

Køyrde frå Mo i Rana om føremiddagen, stoppa på Alstahaug og den russiske krigskyrkjegarden på Tjøtta og blei dessutan ståande og vente på ferga på Tjøtta i over 1,5 time. Kort sagt, kom ikkje i gang med turen før ca 1830. Men nettene er lyse, og det var meldt regn dagen etter, så bestemte meg for å gå raskt. Det greidde eg, og sjølv om eg av og til kom litt bort frå vardane og raudmerkt stig, var eg alt i alt godt nøgd med vegvalet med tanke på at eg gjekk utan kart. Hadde studert Knut Sverre sin rapport nøye, og hadde elles med meg GPS, som hjelpte veldig, særleg tilbake, der det var veldig kjekt å gå opp mot eige spor. Logga 13,1 km på garmin, brukte 3 timar og 35 minutt, og får 745 høgdemeter, truleg på grunn av alle opp og ned-turane i knausane i høgfjellspartiet. >>>

Hermannsdalstinden i knallvær

Datum:
07.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:00h
Entfernung:
14,9km

Buss til Reine, båt til Forsfjorden, og så opp frå kraftstasjonen. Ein hyggjeleg tyskar, Michael, tok følge med oss, og dermed fekk han selskap der han nok kanskje hadde stått over sjølve toppen. Vi pusta på med jamne intervallar, og greidde oss bra opp den bratte eggen, og opp den siste biten med klyving i kampesteinar. På toppen talde vi i den tida vi var der ein tyskar, to tsjekkerne, ein nederlendar, ein sveitsar, ein kanadensar, tre amerikanarar og oss. Sveitsaren hopp frå stein til stein på toppen, balanserte oppe på vardesteinen (sjå biletet), og var totalt uaffisert av dei luftige omgjevnadene. Det var ikkje vi! Heimturen om Munkebu til Sørvågen var dryg, pb-appen viste tre km kortare enn garmin, der vi runda 17 km og 1660 hm. Veret var berre heilt fantastisk, og det blei >>>

Karte    

Nordlandsnupen

Datum:
06.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,2km

Ny flott tur. Kom frå Røst med ferge i går kveld, overnatta på Lofoten Værøy brygge. Gjekk frå bagasjen vår der, og starta turen mot Nordlandsnupen i sol. Endeleg t-skjortevær! Langs vegen til Breivika, nydeleg stad, gamle hus, tufter og steingardar. Og kvite strender! Grei stig til topps. Luftig spektakulær topp, men fine trygge rasteplassar, og eg som er høgderedd hadde ikkje problem med denne toppen. Ein treng jo ikkje gå ut og titte ned i avgrunnen! Sola forsvann på veg opp, og på heimvegen fekk vi ei byge. Stoppa på supercafeen på Sørlandet etter 10,2 km og 544 hm. 3 timar og 57 minutt. Anne, Eirik og Tom var med.

Karte    

Storfjellet Røst

Datum:
05.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
2,3km

Fabelaktig tur! Ringte til Finn Olav Olsen (4u8213839) og fekk flott rundtur før vi blei sett i land, og gjekk opp grasrenna Finn Olav peikte ut for oss. Veldig bratt, men kurant. Måtte halde oss i grastustane då vi klorte oss opp. Suverent utsyn, flott grasslette platå, stor varde og sol. Åt niste, fotograferte jamnt. Såg tre havørn som hang over oss på toppen, og ein heil flokk nede på stranda då vi tøffa frå øya. Elles mykje lundefugl, teist, toppskarv og ærfugl. 2,3 km, 259 hm. Anne, Eirik og Tom var med.

Karte    

Første besøk på Rabothytta

Datum:
01.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
11,0km

Tur med Tom, Torbjørn og Marit. Overnatting frå laurdag til sundag. Fint vêr laurdag, kaldare og gråere sundag. Super hytte!

Karte    

Furufjell

Datum:
24.06.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Karte