Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Siggjo - kommune nr 200!
- Datum:
- 01.08.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,5km
Fin kveldstur med litt sliten hund, men Tom og eg var i fin form sjølv om dette var femte turen vår på to dagar. Miniturar rett nok. Regnskyllet og den blågrå himmelen vi hadde då vi såg på Moster gamle kyrkje, såg vi ikkje meir til. Fin temperatur, opphaldsver og flott utsikt utan sol. 5 km, 1 time 58 minutt, 429 hm. Fin kommune som nr 200. Må finne ein flott topp som nr 200 også. Tom og Uncas var med.
Boknafjellet
- Datum:
- 01.08.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,7km
Kom frå Skudeneshavn og tok denne avstikkeren sørover før vi fortsatte mot Bømlo. Parkerte, gjekk så det vi kunne opp til toppen. Tom slog med med 2 minutt. Vind og sol og flott topp å orientere seg i geografien frå. Såg ein havørn på vegen ned. 35 minutt. 2,7 km. 208 hm. Tom og Uncas var med.
Araseto
- Datum:
- 31.07.2017
- Entfernung:
- 2,5km
Koseleg tur mellom 2030 og 2130 etter at båten frå Haugesund slepte oss av og vi rigga oss til i Torleiv Vestres utruleg fine utleiehytte ved hamna. 800 kr for super hytte med to soverom, seks sengeplassar og elles perfekt utstyrt med alt vi trengte inkludert sengetøy: anbefalast!
Vi gjekk vegen opp til fyret og fekk flott kveldshimmel og vidt utsyn der oppe. 50 minutt, 3 km. 70 hm. Tom og Uncas var med.
Dyrafjellet
- Datum:
- 31.07.2017
- Entfernung:
- 0,7km
Etter å ha vore turistar på Avaldsnes, skulle vi raspe med oss denne toppen før båten gjekk til Utsira. Håplaus såkalla tur. Fann ikkje nokon stig ved dei bustadhusa som låg nærast toppen, så vi busha oppover i klissvåt lyng og holute myr. Datt tre gonger og var komplett tøysevåt då vi kom ned ein slags stig som endte i eit piggtrådgjerde. Einast formildande omstende var at sjølve toppunktet var OK med fin utsikt. 20 minutt. 800 meter. Kanskje 50 hm? Tom og Uncas var med.
Klauv på våt sti
- Datum:
- 31.07.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 0:48h
- Entfernung:
- 2,3km
Køyrde frå hytta over Haukeli og til Haugesund. Før det køyrde vi til den vesle parkeringsplassen under Klauv og gjekk raskt opp og ned. Gjennomblaut stig etter kraftige regnskyll tidlegare på dagen, men vi gjekk i sol og vind. 50 minutt. 2,3 km. 213 hm. Tom og Uncas var med.
Rust
- Datum:
- 28.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,7km
Rask føremiddagssendinga til Rust for å få i gang pusten. Møtte litt slekt på Skor. Gjekk aleine, men Uncas var ned!
Ramåsmyrnuten
- Datum:
- 25.07.2017
- Tourlänge:
- 5:15h
- Entfernung:
- 14,0km
Første ordentlige turen i Langlim denne sommaren. Gjekk frå brua i Stubbåi, til Busanden, Ramåsmyran, Myklevatn, Ramåsmyrnuten, Skomestauljuvet, Fjåbekknog Busanden og heim. Møtte ikkje folk. Men rjupepar med ungar, røy med ungar, hoggorm, ein annan storfugl som flaug opp, og sist og verst, eit jordvepsebol. Drog på meg fem-seks stikk. 14 km. 5 timar og 14 minutt. Uncas var med, men var utruleg støl og sliten etterpå. Han har artrose i buhundledda sine dessverre.
Med foreldre til Falkenuten
- Datum:
- 23.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,0km
For foreldre på snart 85 gjeld det å finne turar som gjev mestring. Turen frå Kråmvikvegen til Falkenuten er blitt ein favoritt for småbarnsfamiliar, pensjonistar i høg alder og elles ikkje-turvande. Sherpalagd stig er imponerande flott. Har ikkje gått der før, tre km tur-retur har liksom ikkje vore noko å dra til Rauland for! Men flott tur som passa supert for dei gamle, moro å oppleve deira meistring! Pappa, mamma, Erling, Tom, Uncas og eg gjekk.