Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

For spesielt interesserte!

Datum:
19.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
11:00h
Entfernung:
27,3km

Litt småstøle etter Ràisaduottarhàldi dagen før, starta vi å gå i Skardalen kl 1100 sundag føremiddag. Vi hadde sett på den mykje stuttare ruta til 500fjell og samanlikna med den inn Skardalen som dei fleste har gått, men med all snøen frå dagen før friskt i minnet, valde vi å følgje fden flotte stigen inn dalen, forbi ei gammetuft, den nedlagte Brattefjell koppargruve og inn til gammen midt i dalen. Dit målte vi 5 km. Der rasta vi og møtte ein lokalkjend kar, Magnar, som hadde dette som sin faste tur. Han hadde vore på Isfjellet fleire gonger, og kalte det ein lang tur, det var det! Inn dalen til den store fossen som kjem frå vatnet Bievlajàvri. Her følgde vi stig til venstre for fossen, svært bratt, men tørr lyngli, vi vann vel eit par hundre høgdemeter opp der. Då >>>

Karte    

Nordreisa andre kommune i Troms

Datum:
18.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
13,0km

Vekkarklokka på 0540, fly til Tromsø, leigebil og med den var Anne, Eirik og eg på veg mot Kåfjord ca kl 1300 etter litt proviantering mm. Vi køyrde fjorden inn og så opp dalen forbi den gamle industriplassen Ankerlia (etter entrepenøren Christian Anker frå Halden!), forbi det spektaulære juvet med bru Gorsabrua (som vi besøkte i dag 20.7) og inn forbi det regulerte vatnet Guolasjàvri til demningen der vegen sluttar. Overraskande mykje trafikk på vegen, flest finskregistrerte bilar. Vi starta å gå ca kl 1630, og gjekk opp i strålande ettermiddags- etterkvart kveldssol. Vi gjekk rett på Ráisduottarhàldi først og rasta der. Mykje ur og stein og ganske mykje snø då vi nærma oss toppen. God sikt i alle retningar. Så gjekk vi tvers over og bort til Halti, den finske grensevarden. >>>

Karte    

Furufjellet

Datum:
14.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour

Gløymde å registrere denne vesle "faste" hytteturen min. Hadde ei veke aleine på hytta tidleg i juli i år, som eg hadde tenkt å bruke til nokre turar i Aust-Agder evt Ryfylke, men eg drog ingen stader, og gjekk berre ein einaste ordentleg tur fordi hunden blei sjuk, og eg var aleine med han. På denne turen gjekk eg rett og slett frå hunden heime på hytta, der han hadde kome seg nokolunde til hektene etter å ha vore dehydrert og elendig nokre dagar før. Fint vêr og koseleg følgje med bror, svigerinne og deira tvillingar på 16.

Karte    

Busstur til Askøy

Datum:
20.06.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,4km

Supernøgd med dette opplegget: skal på jobboppdrag her i Bergen i morgon tidleg, tok difor eit tidleg fly i dag, kopla meg på ei venninne som har budd her dei siste par åra, men som aldri hadde vore på Askøy. Tok buss nr 484 eller 485 til Steinrusten, men hadde greidd å engasjere fremre del av bussen med venlegsinna innfødde såpss, at sjåføren tok ein ekstra sving etter siste stopp for å setje oss av nett der stigen tok av sørover mot Kolbeinsvarden. Snakk om sørvis! Vi gjekk på t-merkt stig med treklopper over våte parti, og trapper i dei bratte partia opp til toppunktet. Stille og sol og utsyn i alle retningar. Supert! God besøkt topp dette, 20-30 hadde skrive seg inn i boka før oss i dag, og medan vi rasta kom det fire-fem til, to av dei joggande. Vi heldt fram sørover, >>>

Karte    

To til i Hedmark

Datum:
14.06.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:19h
Entfernung:
9,0km

Det byrjar å bli lange dagsturar frå Oslo no når eg er er ferdig med nabofylka. Men turen til Nord-Odal vr vel overkomeleg. Vi køyrde til Eidsvoll, så fordbi Gullveret til Sand i Nord-Odal, og så nordover mot Knappet, og vidare rett fram på grusveg der asfalten var slutt. Alle sidevegar hadde vegskilt, og vi tok av riktig heile vegen heilt fram til der vegen slutta ved Gjellbekksetra. Der måtte vi snu på snuplassen og køyr eit par hundre meter tilbake før vi byrja å gå godt merkt stig til Årkjølen. Fin veg, mange ganske våte myrar, stort sett sol og litt vind, og ikkje heilt sommar. Biltermometeret viste 14 varmegrader, og litt ladare blei det kansje oppover. Tårnet var flott med mykje eksplisitt skilting, på tårnet stor der til dømes eit skilt "Tårnet" og på >>>

Karte    

Fjerde fylke ferdig og topp 150 nådd

Datum:
31.05.2015

Fekk ingen med meg i dag, men i denne rare maimånaden med annakvar dag med regn og sol, var dette soldagen i helga, og eg drog av garde på eiga hand. Køyrde først til Svarverud, der eg gjekk på sykkelen og sykla langs dei fine vatna innover. Verkeleg nydeleg sykkeltur i skiftande sol og vind. Først drog eg rett fram i vegkrossen etter Kulivatnet, men eg snudde og tok vegen til venstre (mot aust) i staden. Der gjorde eg ei feilvurdering av type som eg har gjort før, for når eg kom opp bakkane og så ein liten stig som gjekk i nokolunde rett retning, parkerte eg sykkelen og skar innover skogen. Hadde for dårleg kartutskirft, men heldigvis gps med meg. Då eg trudde eg var omtrentleg på toppen, viste gps'en at eg var halvvegs. Har problem med å vurdere avstand utifrå kart. Så eg rota >>>

Karte    

Tre toppar og overnatting i Hedmark

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
24,5km

Pinseaftan var nydeleg i Oslo, men det var sundagen vi hadde sett av til topptur. Laurdag ettermiddag sjekka vi yr.no, og oppdaga at det var varsla regn frå ettermiddagen sundag. Og sidan eg hadde blitt utfordra til å sove ute i løpet av mai i ein stafett på jobben, heiv vi oss rundt, pakka sekkane og køyrde til Odals verk der vi var framme kl 2015. Vi vandra oppover vegen forbi Fløyta og opp til demningen i Valsjøen, der var det jo ein fin teltplass, men vi tenkte først at vi hadde gått litt kort, og gjekk vidare og til venstre bort til neste vatn. Rota litt der etter ein teltplass, men endte med å dra ned att til Valsjøen, der vi slo opp telt, åt varme nudlar og delte ei flaske raudvin. Kraup ut av teltet i morgonsol, åt frukost og la oss i veg oppover vegen ca kl 0815. Klart >>>

Karte    

Andre gong på Vassdalseggi

Datum:
15.05.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
22,0km

Ny kjempedag på Haukelifjell. Starta i gruppe med Stavanger turistforeining kl 0930. Så varmt allereie at vi på teknisk pause etter 10 minutt måtte av medytterjakker og lue. Så vi gjekk i trøyer på nordsida av Kistenuten og opp til Lisledalen. Førre gongen Tom og eg gjekk her på ski var elva ned frå Dalen lett identifiserbar under snøen, og på sommarturen vi tok hit for eit par år sidan, var jo dette ei stor stri elv som vi strevde litt med å krysse. I dag var den heilt borte, berre ei fin glatt snøflate. Så det er mykje snø i fjellet! Vi tok på feller der vi byrja den bratte oppstiginga mot egga, og beheldt dei på til vi var oppe på "taket". Vi hadde fin rast etter at vi hadde kome opp den første dryge bakken før vi byrja å gå den eigentlege egga. Turleiaren >>>

Karte    

Sandfloeggi i optimale forhold

Datum:
14.05.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
10:00h
Entfernung:
38,0km

Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, >>>

Karte    

Truleg siste tur på ski i Marka i år

Datum:
26.04.2015
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
16,0km

Regn og snø i he ile Sør- Noreg i går, så toppturen i helga blei avlyst. Men i dag var det sol og ikkje for varmt i dag tidleg, så før middag i Halden i ettermiddag, køyrde Tom og eg til Myllsdammen og starta å gå i nykøyrde spor kl 1000. Rett og slett herleg tur med raudt klister under skia, fuglesong og opne bekkar. Måtte av med skia to stader, elles supert. Bislingflaka har eg vore på fleire gonger, men aldri så seint på ski. Så for første gong den malte vesle varden bak på toppunktet. Den har lege under snø andre gonger. Vi gjekk opp og ned Formo-løypa, møtte ganske mange svært blide skigåarar, ein med bar overkropp, andre med bare leggar. Og på veg ned møtte vi kompis Helge. Også blid. Tom og Uncas var med.

Karte