Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (400)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Ny nærtopp og dei første moltene
- Date:
- 03.08.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.5km
Goplenuten er ein 100pf-topp oppdaga eg, og sidan det er mange år sidan sist, tenkte eg at eg kunne kombinere med avgrensa tur for hunden og rekognosering etter moltene, sein mogning i år! Gjekk vegen til Stemmen der det flaug opp ei hegre frå kulpen ved vegen. Storslått! Så forbi Jønnardalen og opp til Uppigard Jønnardalen, derifrå mot sud, liten stig oppover, eg kunne nesten følgje den heilt til topps. Må vere sauene som driv og riggar stigar, for annan trafikk ser eg ikkje for meg at Goplenuten er plaga med. Sjølve toppunktet er litt kronglete, for det må vere den store spisse steinen som står inne blant nokre graner. Men mot nordvest er toppen super. Flotte flate berg og utsyn rett ned i Gjevarvatnet og mot Stabbenuten der eg var i går. Og heile rekkja med fjell vest i Vinje >>>
Stabbenuten - for andre gong
- Date:
- 02.08.2015
- Characteristic:
- Bike trip - mixed
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 12.8km
På Stabbenuten har eg berre vore ein gong før, sjølv om dette er nærområdet, og oldemor vart fødd på Hyttedalen rett nedanfor ca 1860. Sist var stor familietur for 15-20 år sidan. Denne gongen blei eg og sykkelen slept av frå bilen etter at Tom og eg hadde vore på kunstutstillingar i Åmotsdal. Så sykla eg opp til høgaste punkt på hyttevegen mot Breivatn-feltet, gjekk opp i skog, myrer og sva. Koste meg litt rundt omkring, fann varden rett ovanfor Hyttedalen der eg hadde vore før, og. Nokre mogne molter. Nydeleg dag sjølv om lufta er kald. Sykla heim att.2,3 km gåing, 152 hm, brukte meir enn ein time der oppe. På sykkel brukte eg 40 minutt på 10,5 km, så nokon treningsdag blei dette ikkje.
Ein til av dei store i Telemark
- Date:
- 01.08.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:06h
- Distance:
- 5.7km
Køyrde i lettskya vêr med mest sol til Liosvingen og tok så av mot Mo og Byrte. Andre avkjørsel til høgre opp bakkane. Utruleg fint kulturlandskap med styvingstrær og gamle tømmerhus og rydningsrøysar. betalte 20 kr i bompengekassa og køyrde inn til Bessevatna. Parkerte ved Flatemo og busha rett oppover. Heldt meg mot venstre og unna bekken. Urskog med tørre gamle vridde furustomnar, kjempegraner og opne myrdrag og lyngbakkar innimellom. Fint! Kom opp på den høgda over tregrensa som ligg nordvest for fjellet (er det Stavsnuten, Nuten eller Bessefjellet?) gjekk så rett aust opp sporet av eit tråkk opp nuten. Runda litt og følgde eit nytt lite tråkk før eg gjekk opp på ryggen. Slak helling opp mot varden som var flott og høg. Fann tre peakbook-signaturer i boka på toppen. >>>
To 100pf-toppar i Seljord
- Date:
- 31.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.0km
Kald morgon på hytta, men med strålande sol, og når vinden gav seg litt, blei turværet perfekt. Vi køyrde til Nutheim, tok Åsanvegen heilt opp i tunet til Nordre Åsan. Snakka litt med eigaren som eg har møtt nokre gonger før, og parkerte der traktorvegen startar vidare oppover bakkane. Gjekk denne bratte, men fine vegen til endes. Då stig vidare, gamle raudmerke, men lett synleg stig. I skaret som går aust-vest mellom Bindingsnuten og Torsnut, svingar stigen sørover mot Bindingsnuten. Bratt opp og ut på noko som Må vere eit av dei finaste utkikkspunkta i Telemark. Mælefjell, Flatdal og Skorve er bretta ut framfor ein. Vi brukte 50 minutt opp. Eg gjekk derifrå i forkant, for tenkte å få med meg Torsnut også. I skardet mellom nutane tok eg av mot nord, og fann farbare renner >>>
Starten på hytteferien- Tjønnstaulnuten i småregn
- Date:
- 28.07.2015
Første feriedag på hytta med gråver. Lågt skydekke, småregn innimellom, 10 grader og kaldt morgonbad. Vi sykla til Dammen og gjekk opp Skorsvegen og tok av til Brattsberg. Derifrå til Gåsevatn og så opp Øvre Gåsevassdalen til Rundetjønn. Derifrå rett nordover opp til Tjønnstaulnuten, mange år sidan eg var der sist. Rasta på toppen. Så ned att til Rundetjønn, dinest Nedre Gåsevassdalen tilbake til Gåsevatn, og deretter stigen til Skor, vegen ned til Dammen og så sykkel heim. Ein hare og fleire svarte sau var summen av dyreliv. Vi gjekk i 2 timar og 20 minutt, logga 6,8 km og 408 hm. Dessutan 3-4 km på sykkel. Tom var med.
Den siste turen på Tromsraidet var kanskje den beste?
- Date:
- 25.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.0km
Etter å ha overnatta på hotell i Finnsnes (deilig etter teltovernattinga natta før), drog vi til Tårnvatn og så til garden Rognli der det var parkeringsplass. Bomvegen kostar kr 40. Raudmerkt stig frå parkeringsplassen. Vi starta kl 1130 i overskya vêr. Turen let seg greitt dele inn i fire etappar. Først ca 400 høgdemeter i svært bratt, men også svært vakker bjørkeli, med nydeleg botnvegetasjon. Der skogen sluttar går fin stig på tvers av lia bort til dalen der stigen går oppover ein bratt lyngbakke. Her gjekk vi inn i skylaget. Bratt oppover på gras/lyngunderlag i 300 høgdemeter til. Og så byrja skylaget å lette! Dei neste 200 høgdemetrane gjekk på greit stein- og snøunderlag og etterkvart i nydeleg solskin. Vi kom opp på svart tundramark på ein måte. Svar mose og >>>
Andre på Senja i gråvêr
- Date:
- 24.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.4km
Etter å ha vakna på teltplassen ved Sifjorden i grått vêr med tendensar til regn, køyrde vi til Kaperdalen og starta på turen i bakken nedover frå toppen. Vi skulle ha køyrt litt lengre ned og starta på blåmerkt stig til høgre for elva som kjem ned frå fjellet i aust. MEn vi kom inn på den merkte løypa litt lengre opp. Vi gjekk inn i tåke etterkvart, og hadde dessverre null sikt frå ca 500 høgdemeter. Veldig greitt å gå, litt snø, ikkje plagsam ut, men grei steingrunn og lyngbakkar lengre nede. Kom opp til toppvarden der det også var nokre buer, og gjekk søraustover for å gps-åeile oss fram til rett punkt for kommunetoppen. Inga markering nedi bakken der, så vi bygde ein liten varde. Så gjekk vi ganske kjapt nedatt etter litt sjokolade og drikke. Fin tur, korkje altfor >>>
Endå ein supertur
- Date:
- 23.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:00h
- Distance:
- 7.7km
Ein ny heilt fabelaktig tur. Ferge frå Tromsø til Botnhamn på Senja, så nasjonal turistveg sørover, og stopp ved inngangen til Ånderdalen nasjonalpark. Vi starta frå den nordlege tunnelopningen til Sifjordskartunnelen, og gjekk rett opp til Innerskardet. Vi starta ca 1630 i strålande ettermiddagssol og vindstille. Det vêret heldt seg heile turen. Vi gjekk rett opp den vestvendte fjellsida og prøvde å følgje grasrennene og sleppe unna urdene. Ved ca 700 høgdemeter vende vi mot sørøaust og følgde skråninga slakt oppover. Ein del ur etterkvart. På ca 900 hm rasta vi. Vi følgde toppen mot søraust til vi kom til obelisken som markerer starten på kløfta ein må ned og oppatt med litt klyving. Her sette eg stavane på sekken før eg byrja på det strekket. Det gjekk greitt, vi >>>
Draumetur til kremtopp
- Date:
- 21.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:00h
- Distance:
- 13.3km
Trur nesten aldri at eg har gått så fin topptur. Etter overnatting i Skjervøy, starta vi ved traktorvegen rett etter brua frå Kågen til Skjervøy. Følgde t-merkt rute opp til ca 400 moh. Der gjekk vi inn i skylaget over oss. Kom oss over den store kampesteinsmorena nedst i botnen under tinden, og så opp på to store snøfelt, og var heldige etter kvart som fann att vardane. Runda skrått oppover i ura, og ved den første snørenna mista vi ruta og endte med å miste vardane. Vi valde ei rute for høgt opp, men kryssa greitt fleire snørenner og byrja å gå oppover. Og plutseleg var vi gjennom skylaget og såg ned på eit kvitt hav av skyer, men med Lyngsalpane og vår eigen topp svevande over. Himmelsk! Så fann vi heldigvis att dei raude vardane også, og heldt fram oppover ura. Høgdmetrane >>>