Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Tredje gong på Hardangerjøkulen

Dato:
13.04.2013
Kart    

Andre påskedag på aleinetur til Vikerfjell

Dato:
08.04.2013

Første gong i Vikerfjell. Flott skiterreng! Tok av ved Killingsundet og skilt med Vikerfjell. Betalte 50 kr i bompengar, men skulle ha betalt kr 60 - hadde ikkje meir. Køyrde vegen til ende og starta å gå frå Lykkrosmyra. Flotte nykøyrde spor. Eg detvalde fjellskia etter å ha ha tatt med meg to par, smurde med universalklister. Spikerfeste opp til Store stein, 5,6 km opp dit og så 2 km utanom løyper opp til toppen. Fekk følgje med ein kar frå Hønefoss, hans første tur også. Vi åt niste saman på toppen. Flott dag med ustyn i alle retningar. Fjellskia var veldig kjekke å ha nedatt til Store stein, for det var is og fokksnø. det siste stykket ned mot Store stien var det nydeleg med 5-10 cm nysnø. Karen frå Hønefoss sleit på langrennsskia. Så gjekk eg mot nord og aust >>>

Kart    

Kaldt og langt - men nydeleg tur

Dato:
10.03.2013

Starta frå rett etter Haglebu, Flatvollen? 8-10 kuldegrader, men lite trekk i lufta. Heilt blå himmel, men dessverre ganske trått føre, særleg sidan det kom litt nysnø i går, og vi var dei første som gjekk opp sporet - i alle fall heilt til vi kom inst ved Reinsvatnet og tok opp til venstre mot Hallingnatten. Kaldt i lufta og litt vind der oppe, men fantastisk terreng, storslått utsyn og supert toppunkt. Veldig flott å kunne gå på lette langrennsski i køyrde spor. For kaldt til å setje seg ned å raste, så vi åt litt ståande på veg heim. 28 km, 1450 høgdemeter, og ganske mange timar brukt - i alle fall 5-6. Vi så mykje spor etter reinsdyr og på lang avstand såg vi vel også dyra på ein rygg. Anne, Eirik og Tom var med.

Kart    

Super skirunde

Dato:
09.03.2013

Køyrde frå Halden og Oslo og møttest på Tempelseter. 50 kr i bompengar. Hadde planlagt dette lenge, og var lei oss for litt snø og dårleg sikt. Minus 8-10. Gjekk til venstre i løypa frå Paerkeringsplassen og til venstre att i løypekryss der det stod skilt med Fiskeløysinga. Kom opp på Gråfjell frå nord. Dessverre ikkje noko spektakulært utsyn, men nok til å skjønne at dette er fabelaktig flott terreng! Sol gjennom skyer. Gjekk så sørover til Høgevard der vi rasta på hytta, før vi gjekk litt tilbake langs vatnet og opp på toppen frå nord. Utruleg utforkjøring rett ned til Tempelseter. 24 km, 1250 høgdemeter. Kaldt i kinna, men ganske stille og ikkje mykje snø. Overnatting på Borgarstua i Eggedal. Kan verkeleg anbefalast! Middag og himmelseng. I dag er vêret perfekt, >>>

Kart    

Flott skitur til Marifjell

Dato:
03.02.2013
Kart    

La på denne etter Marifjell

Dato:
03.02.2013

Flott skitur til Marifjell først, så køyrde vi bortom denne. Ikkje kart eller gps, men wwv-rapportar på telefon gjorde susen. Køyrde inn skogsvegen og parkerte ved den vesle hytta. EIn skuter eller traktor hadde heldigvis køyrt litt innover, så det gjekk ganske greitt i spora forbi tretårnet og vidare i traktorsporet. Utan presist kart, bestemt vi oss for å prøve å klatre opp på den første høgda vi eigenleg såg. I forhold til rapportane som ligg inne, er no heile området uthogd, og fra den vesle varden på knausen var det vidt utsyn over Ullensaker langt der ute. Vi såg ikkje før etterpå at vi burde ha sjekka om det var ein hestesko der, men det gjorde vi ikkje. Brukte ein liten halvtime fram og tilbake. Tom var med.

Kart    

Kravling i laussnø

Dato:
27.01.2013

På ski frå Skansebakken opp til Dammyra og vidare bort til den store myra under Mørkreiåsen. Følgde blåmerkt stig og bar skia opp til det fine hyttetunet som ligg frampå brinken. Deretter siksak oppover. På eitt punkt var det ikkje anna gjere enn å ta av skia og klatre opp eit lite bergheng og kaste skia opp først. Fann toppen greitt. Masse elgspor og elgleger, neste rart vi ikkje såg dyr. Gjekk nordover og fann etter kvart ein farbar veg ned til sporet igjen. Ganske kronglute opp på ski dette. I lys av nedturen, var ikkje oppturen så dum eigenleg. Bortsett frå klatringa da. Tom var med. 25 km tur-retur.

Kart    

Frå Tobonn i Lommedalen

Dato:
20.01.2013
Kart    

Første topp i 2013

Dato:
06.01.2013
Kart