Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Første gong på heimekommunens høgaste

Date:
25.07.2011

Eg er bambling, og sjølv om eg ikkje har budd i kommunen på¨31 år, var det for ille å ikkje ha vore på Hørsfjell. Så måndag 25.7 køyrde eg frå hytta i Seljord, tok med meg foreldra mine (78 år) og gjekk til Hørsfjell. Det blei ein litt kronglute tur. Vi følgde den merka turløypa opp langs elva etter å ha gått frå gårdstunet til Bamble. Men etter store nedbørsmengder var det svært vanskeleg å krysse bekkene, og den litt urete stien var forvandla til ein bekk med sleipe glatte steinar. Dei gamle strevde litt. Oppe ved Svarttjenn, måtte vi krysse bekken/elva, men det let seg vanskeleg gjere på grunn av vassmengdene, i alle fall for nokon på nesten 80, så vi gjekk rundt tjenna. Det var hengemyrar, og bekkar som måtte forserast og bratte ufser før vi kom inn på Svarttjennvegen >>>

Map    

Trist dag i trist vêr

Date:
23.07.2011
Map    

Flott topp - men vanvittig med insekt!

Date:
17.07.2011

Heimdalhaugen var uventa bonus på veg sørover frå Helgeland. Med Espen som kjentmann køyrde vi 15.7.2011 frå Namsos til Harran og vidare til Solemsmoen. Der gjekk vi dei lange myrane austover i etasjar oppover før vi runda over høgda og gjekk nordaustover til vi møtte bekken i skardet, derifrå rett mot toppen og opp på dei grøne grasstrekka nord for bekken. Berre ei lita snøfonn å gå over, og vi greidde stort sett å unngå svaberga. Toppen var flott i godværet. MEN: eg har aldri gått i så store svermar av klegg, brems og blindingar: Lærde meg samnemninga på desse blodsugarane: "åt". Kvar gong vi stansa var dei overalt, og medan ein gjekk var dei der ein og ein heile tida. Ikkje før vi byrja å klatre, letta det pga lett vind. Heimover var det litt betre, men >>>

Map    

Kveldstur med havørn

Date:
11.07.2011
Map    

Den høgaste søstra

Date:
09.07.2011
Map    

Første tur i samleprosjektet

Date:
04.07.2011

Etter å ha gått frå Leirbotnet oppom Okstinden til Kjennvasshytta på sundag 3. juli, var det med tunge bein vi drog av garde til Oksskolten måndag 4. juli. Starta ikkje før kl 1245, fint vær som etter kvart blei gråare, og sjølve toppen låg i ei sky. Vi hadde sett over mot toppen frå Okstinden dagen før, og var litt leie for at vi gjekk glipp av utsynet andre vegen. Vi kryssa Okstindbreen med stegjern lånt av Svein Arne i Hemnes turistforening.. Dei kom godt med, sjølv om breen var våt og kornete og ikkje så glatt. Vi møtte ingen folk på desse to turane, men såg ryper og ein røyskatt. Kjennvasshytta var kjempefin, og vel heime frå Oksskolten, var Per Jomar og Elsa frå turistforeninga komne til hytta og hadde fyrt opp badstua. Så vi gjekk i varm badstu klokka 2300! Møre >>>

Map    

Sesongens siste skitur

Date:
10.04.2011

Siste helga før påske, 10. april 2011, køyrde eg til Mylla for å klemt ut ein siste skitur av Nordmarka. Løypa sør for vatnet for overraskande bra tidlleg om morgonen - men nokre bekkar på tvers var det likevel. Gjekk Formoløypa opp til Bislingflaka for første gong. Rasta ute ved den gamle skiheisen. Roten snø det siste stykket, for det var ei stund sidan maskin hadde køyrt der. Fuglesong og solskin. På veg nedover møtte eg nokre få blide skigåarar. Dagen var for fin til å gje seg med dette, så eg heldt fram til Ølja. Der var isen i oppløysing, så eg gjekk løypa til høgre for vatnet. Fann skiltet til Svarttjernshøgda, og så eitt skispor i snøen der. Så eg starta klatreturen i det sporet. Gjennomroten snø, så det var tung tråkking heile vegen. Møtte skigåaren eit >>>

Map