Siste feriedagen med omveg til Siljan (11.08.2013)


Map
Ascents Øst for Nordre Bølene (649m) 11.08.2013

Heim frå hytta etter tre flotte friluftsveker. Sidan eg var sistemann og aleine i bilen, tok eg den lange vegen heim, Seljord via Skien og Siljan til Oslo. Tok av vegen til Grorud og følgde stort sett Osten si rute. Sykla inn vegen til dei store steinane, to på venstre sida og i alle fall tre på høgre. Parkerte sykkelen, tok av rett nord for steinane til venstre, og fann den gamle skogsvegen inn til venstre etter at eg hadde kryssa bekken. Så lenge det var veg/stig gjekk alt greitt, og det gjorde det i og for seg etterpå også, takka vere gps'en. Men litt ergerleg å stadig finne fine stigar og miste dei att, og ikkje greie å halde på dei nedover heller! Men eg gjekk rett på, og fann også greitt nedatt. Toreskrell og mørke skyer gjorde at eg ikkje gjekk bort på den høgare Skiens-toppen, eg hadde sol heilt til eg kom ned til sykkelen, men derifra og ned hadde eg lett duskregn. Det tunge regnet kom ikkje før i Lågen-dalen. Ingen var med, og det lengste med denne turen var tida i bil....

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.