Snill fylkestopp i indian summer (25.08.2013)


Map
Ascents Skibergfjellet (633m) 25.08.2013

Eg kom frå Telemark og møtte TOm og Marit + Uncas i Eidsfoss. Kulturhistorisk interessant stad! Køyrde inn bomveg og sette den eine bilen att. Parkert ved neste bomveg til høgre. Gjekk vegen inn til snuplassen og følgde fin stig til Gausesetra. Helste på mann som tjæra 1700-talsselet som står der. Rottenikken budde her på Gausesetra visst. Følgde så den blåmerkte stigen til topps, ca. 3,5 km frå vi sette frå oss bilen. Kjempefin stig på berg og i lyng. Toppen var flott med utsyn i alle retningar. vi åt niste og gjekk bort på den sudaustligsaste toppen. Der fekk vi tips om å følgje stigen rett ned. Hamna mykje raskare på snuplassen. Så for andre toppturistar, om du vil gå raskaste vegen til toppen, så ikkje ta stigen der det står Skibergfjell, men stigen rett fram utan skilt. Fylkestopp nr. 9, og kommunetopp nr 9 i Vestfold. Tom, Marit og Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.