Tur med overnatting (02.08.2013)


Map
Ascents Sæbyggjenuten (1,507m) 02.08.2013

Køyrde frå hytta fredag morgon, drog over Skafsåheii, og fann greitt parkeringa i Berdalen. Gjekk raskt opp til Berdalsbu, brukte 1 time og 20 minutt. Tørr nydeleg stig og sol. Rigga oss til i annekset der det var lov å bu med hund. Tømte sekkane for alt vi ikkje trengte vidare. Klokka 1415 starta vi opp dalen mot Slækjeskardet. Dessverre gjekk vi inn i skodde/lågt skydekke på ca 1100 m. Takka vere GPS gjekk vi ganske rett på toppen. Vi heldt til venstre og bak nokre nutar for det første smale vatnet i skardet, dermed kom vi ned i ein bekkedal som munna ut i det første Gjuvvatnet, men lenger nord enn der helleren ligg. Gjekk forbi eit naust, kryssa elva, og gjekk så bekkedalen opp mot vatnet på 1235. Vi valde å ta av mot venstre FØR vi kom til vatnet, og det var ein veldig grei trasé. Gjekk på høgre side av fleire små pyttar. I botnen under toppen låg det faktisk framleis litt is på ein av dammane - i august! Klatra så bratt opp mot toppen. Ikkje meir enn 10-20 meter sikt dessverre. Rast i le bak ein stein før vi starta nedturen. Hadde då brukt ca 3 timar og 15 minutt opp inkl klesskifte og drikkepausar. Rett under toppen letta det, og rett etter det att gjekk vi på ein reinsbukk. Fantastisk! Fint å få sjå kor flott terreng vi eigentleg gjekk i! Kveldssol på Midtre Gjuvvatnet. Var ganske slitne ned Slækjeskardsdalen. Framme på Berdalsbu klokka 2100. Hadde då brukt 3 timar ned att. Deilig med vedfyrt hytte og middag. Kraftig regnver og torever om natta, og dagen etter var både elva og stigen prega av det. Stor elv plutseleg og gjennomvåt stig. Gjekk i lett regn ned til bilen. Tom, Vilde og Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.