Grovabreen i kaldt og klart maivær (12.05.2026)
| Besteigungen | Punkt på Grovabreen (1.633m) | 12.05.2026 |
|---|
Vi køyrde etter jobben til Knut frå Oslo, og kom fram til Kjøsnes kl 2330. Der hadde den hyggjelege verten Nils-Einar venta oppe på oss, og då han høyrde at vi tenkte oss til Grovabreen dagen etter, lånte han oss skredøkjarar og søkjestong og ein spade. Vi var berre delvis utstyrt.
Vermeldinga var veldig bra for den første delen av dagen på tysdaen, så vi var oppe kl 0700, og starta frå Dvergsdalsstøylen kl 0900. Om natta melde yr at det hadde vore 18 minusgrader på breen, men vi starta på ca 0 grader frå Dvergsdalen. Heilt blå himmel og nydeleg fuglesang.
Vi gjekk i skistøvler med skia på sekkane. Vi starta med ein liten feilsving, for vi gjekk opp til støylen først, i staden for å følgje bratt grusveg rett opp mot Fagerdalen. Men det gjekk fin gammal stig frå stølen opp til grusvegen og så vidare rett opp lia, så vi tok oss greitt inn att.
Bakken opp til Salsegga var ein ganske seig kneik. Vi brukte eit par timar på 500 høydemeter i svært bratt ulendt terreng med sekkar og ski på ryggen. Eg trudde eg var i god form etter samvitsfullt å ha gjennomført styrketrening i vinter samstundes med 100 mil på ski, men dei to andre hadde likevel betre pust enn meg, så det var litt ergerleg...
Men vi kom no greitt opp til Salsegga, der vi pusta på litt og sette på oss skia. Utruleg deilig å få vekta av skia vekk frå ryggen, og deilig også å gå på ski på godt underlag. Vi gjekk på heilfell i tørr nysnø. Det var mellom 5-20 cm tørr nysnø på heile turen. Salsegga var spektakulær, med flott utsyn ned til Kjøsnes der vi hadde budd natta før. Sjølve eggen var også god og brei og fin for skigåing, men den inneber ei ganske god stigning, ca 200 hm opp til Tverrfjellet som er den runda fjellryggen rundt botnen til høgre nedanfor. Der åt vi niste utan særleg vind. Her såg vi snøspurv, alltid litt artig.
Den bratte bresida opp til breplatået var dekt av nysnø, og det var heilt greitt, vi trur den kunne ha vore ganske hard og isete utan nysnøen. Den så tøff ut denne bakken, men dei 200 hm gjekk ganske greitt, vi kraup oppover i sikksakk-svingar, og plutseleg flata det meir ut slik at motbakken blei slak. Vel oppe på flata såg vi det eigentleg toppunktet framfor oss litt mot venstre. Vi måtte lage spor i nysnøen (ca 10-20 cm) her oppe på flata. Svakt nedover først, og så svakt oppover til vi vi fann toppunktet ved hjelp av norgeskart-gps-appen. ca 3 km var vel dette strekket. V hadde beregna 5 timar opp, men vi brukte faktisk 5 timar og 50 minutt opp inkludert matpausen og fleire tekniske stopp. Bl.a. sette vi på kortfell då vi kom opp på platået. Heile turen så langt hadde vi hadde flott sol, men det var ganske kjølig frå Salsegga og opp. På toppunktet starta det å skye til, som meldt, men vi hadde høg himmel og flott utsyn på nedturen også.
Nedturen gjekk greitt med kortfellane på. Vi tok andre matpause der vi måtte av med skia på Salsegga. Derifrå bestemte vi oss for å bushe rett ned mot vegen inst i Fagerdalen. Det var vel ikkje det beste vegvalet, for snøfennene bar ikkje, og det var briskekjerr og etter kvart bjørkeskog der skia festa seg. Men deilig å gå på tørr veg heilt ned til bilen igjen.
Vel nede hadde vi brukt 9 timar og 5 minutt på turen totalt sett. Eg målte 17,3 km, dei to andre hadde meir enn 19 km på sine klokker, eg bør kanskje tweeke på garminklokka mi for å få meir presis avstandsmåling. 1190 hm kjende eg i beina dagen etter!
Anne og Knut var med, og vi var samde om at turen hadde vore kjempefin! Og vi greidde å vri inn turen i det vindauget med sol i dei dagane vi hadde til rådvelde.
Får beskjed om at gpu-fila er for stor, så fekk ikkje lagra sporet....













Benutzerkommentare