Lovundfjellet, andre gong (23.07.2025)
Besteigungen | Lovundfjellet (623m) | 23.07.2025 |
---|
Åtte vaksne og ein eittåring i beremeis starta frå hotellet, spiste framfor butikken, og gjekk så til Nøvvika i perfekt vær, skyfritt, vindstille, 25 grader. Der hadde vi denne vidunderlige badebukta for oss sjølve og bada lenge! Eittåringen koste seg, og vi andre naut badetemperatur over 20 grader og blikkstille klart vatn. Ingen andre ville bli med til topps, men eg var som alltid motivert, og gjekk oppover i altfor varmt og stille vær. Den bratte ur/lyngbakken opp til 310 hm der stigen tar av mot venstre, var som ein bakaromn!
Ein trur ein er nesten oppe på dette punktet, men ein har like mange høgdemetrar att! Stigen vidare er trass alt betre, men ein skikkeleg lang motbakke utan kvilestrekk er det. Eg gjekk forbi eit ungt par på oppturen som kom til toppunktet då eg sat og beundra verdas finaste utsyn. Dei tok eit toppbilete for meg. Eg gjekk turen for fem år sidan også, og då gjekk eg faktisk det bratte stravasegmentet 30 min seinare. Men eg hadde følge og måtte ta omsyn då.
Turen ned var nesten meir slitsom, ømme tær og kjempefokus for ikkje å gli. Det gjekk bra heldigvis. Tom hadde lagt att ei vassflaske og eit handkle nede på stranda. Det smakte bra med både bad og vatn før eg skunda meg tilbake til hotellet for å feire 40-års bryllupsdag!
10 km, 5 t 30 brutto, 3 t 10 netto. 1935 hm. Gjekk aleine.
Benutzerkommentare