Ishovden - i bygevær (06.07.2025)
Besteigungen | Ishovden (1.091m) | 06.07.2025 |
---|
<gallery>
image:bakken59_20250706_686acc6452e14.jpeg
image:bakken59_20250706_686acc65305c3.jpeg
</gallery>
Dette er eigenleg ein kjempefin tur, og eg valde ganske ideell trasé opp, det vil si traseen eg valde nedatt er heilt ideell. Eg busha meir enn dei fleste kanskje likar opp, men fann veldig snill trasé med svak stig nedatt til Ståvåtjønn.
Eg køyrde altså til Nørdsteteig i Svartdal, følgde så hyttevegen opp til den øvste parkeringsplassen. Ovanfor garden Nørdsteteig er dei ei sag og ei parkering, og der var det slått opp eit kart med skiløyper avmerkt. Det var veldig nyttig, for det er ganske mange hyttevegar å velje mellom her. Bestemte meg for å kome tilbake til vinteren for å prøve skiløypa som faktisk går heilt inn til Svafjell!
Frå parkeringa tok eg traktorvegen opp til høgre, den endte ved hytta ved Engmyri. Derifrå skar eg over myrane og heldt til høgre for Ståvåtjønn. Då eg kom inn på stigen som går bort til hytta på odden, gjekk eg berre rett opp lia og busha rett mot toppen. Det gjekk fint, men periodevis såg eg litt dårleg, for sjølvsagt starta det å regne idet eg gjekk frå bilen, og det kom så mykje nedbør der på eit tidspunkt, at brillene blei ubrukelege. Men rett før toppen letta det, og eg fekk flott utsyn på eit verkeleg nydeleg toppunkt. Akkurat slik ein telemarkstopp skal vere, etter min smak!
Eg følgde eit skar ned mot hytta på odden då eg gjekk nedatt, og der var stig og lett å gå. Og derifrå såg eg ein reinsdyrflokk på myra under Svinomfjell! Stort! Lei for at eg gjekk utan sekk og kikkert. Gjekk forbi hytta på odden og bort til der eg hadde kryssa hyttevegen på veg opp. Same rute tilbake herifrå. Ved bilen kom det solregn då eg måtte skifte frå inst til ytterst igjen.
5 km, 267 hm, 1 t og 50 minutt. Gjekk aleine.
Benutzerkommentare