Russttur siste dagen i juni (30.06.2025)
Bestigninger | Rustfjellet (1166moh) | 30.06.2025 |
---|
Køyrde til Valedammen og gjekk roleg til Skor. Litt tunge bein etter løpeturen tidlegare på dagen. Gjekk litt meir på etter Skor og var oppe etter 55 min. Gjekk forbi eit ungt par i Kåbakkan, kjende dei merkeleg nok ikkje.�
Drakk saft på toppen og gjekk nutane bortover før eg skar ned til Damtjønn og Svartetjønn og rett ned skardet ved Olsokfonni. (Sjølvsagt ikkje noko fonn der no etter denne dårlege snøvinteren!)
I brattlia der gjekk eg på ein hoggorm, andre på ei veke.
6,7 km, 529 hm, 2 t 20 min. Gjekk aleine.
Kommentarer