Visåsskarvet med Pb-vener (29.06.2025)  6


Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 45min
Distanse 7,0km
Høydemeter 450m
GPS
Bestigninger Visåsskarvet (892moh) 29.06.2025

Hadde avtalt med siroho (Sissel) og møtast for første gong og gå ein fjelltur saman. I sterk vind fall valet i dag på Visåsskarvet som viste seg å vere innartiar. Sissel - med Øyvind - og eg parkerte på Eidsborg, gjekk grusvegen inn til Espelitjønni, og tok så av til venstre etter å ha gått gjennom tunet på Bergeli. Espeli er den gamle garden som ligg lenger inn på vestsida av tjønni. Stigen var brei og fin, kanta med nydeleg bløming av storkenebb, engsoleie, vikker og mjeller og tettegras. Den var også svært godt merkt med raudmåling, og best av alt, vi gjekk oppfrå nordaust og der var det le!
Vi gjekk roleg til topps, gjorde unna fotografering og hadde kjempehyggjeleg rast i lyngen i le aust for toppunktet. Moro å dele turerfaringar og få tips. Eg lærte t.d. korleis bruke høgdemålarcrett i norgeskartet, veldig nyttig!
Vi tok same vegen nedatt.
7 km, 3 t og 45 minutt inkl lang rast, 450 hm. Sissel og Øyvind var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.