Raudsinutan på ordentleg (21.03.2025)
Bestigninger | Raudsinutan (1067moh) | 21.03.2025 |
---|
Gjekk frå hytta ca kl 10:00. Panserføre, skyfritt og vindstille. Gjekk på klister, og det var heilt rett. Smurde på nytt då eg skulle starte på klyvinha opp frå Breivatn. Hadde gått Gjevarisen inn og det glei fint, men isen sleit på klisteret. Spikerfeste opp til Stavatjønn. Gjekk bort flata og opp til Gjeslemo. Der tok eg av frå det køyrde sporet, og gjekk inn dalen til Maurdalstjønni og vidare opp Maridalen til riset under Raudsinutan. Eg åt niste i bakken der det første skaret går opp til høgre. Der har eg gått før, og kom då opp på ein av toppane, men skjønte då eg stod der, at det ikkje var høgaste punktet. Har hatt dårleg samvit for å ha logga den som Raudsinutan! Den gongen såg eg eit bratt skard og ein nut med varde lenger mot sud. Så i dag prøvde eg å unngå den første nuten og runde den bakfrå. Etter litt prøving og feiling, av og på med ski mm, kom eg meg rundt og inn i neste skar. Der såg eg at det går sommarstig; eit par småvardar viste kvar eg skulle gå for å kome opp på neste nut. Tok av skia, og gjekk med stavar opp bratta. Det var ikkje heilt lett, for det var bratt og berget var for ein del dekt av store issvollar. Eg endte med å ganske ugrasiøst klyve/rulle meg opp ved sidan av den verste isen. Ingen vitne heldigvis! Men dette var heller ikkje den rette Raudsinuten, det var eit nytt skard mellom toppen eg no hadde forsert og toppen med varde. Det gjekk greitt både ned og opp på beina. Flott, men ganske uvegsam topp på ski. Dette var faktisk tredje forsøket! Tips til nestemann som kjem på ski: ikkje ta første skaret til høgre når du kjem opp frå Maurdalen, ta det andre. Der kom eg ned, og det var heilt kurant.
Eg følgde eigne spor tilbake til Gjeslemo, så løypa ned til Tvigyva og Trovassdalen. Møtte Tom på landhandelen i Øyfjell. Gjekk aleine, såg ikkje andre skiløparar heile dagen. Nydeleg vårdag på ski. 27,5 km, 645 hm, var ute i fem timar.
Kommentarer