Mentashi (03.09.2024)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 15min
Distance 16.3km
Vertical meters 1,274m
GPS

Første dag i Svaneti, Georgia bestemte vi oss for å prøve å kome oss opp i høgda. Fire av oss valde å gå opp til toppen av skiheisen, og så følgje ryggen bort til Mentashi - høgaste punktet på denne ryggen. Dei fem andre tok skiheisen opp og nøgde seg med å gå fram og tilbake bortover ryggen. Vi manøvrerte feil i starten og endte med å bushe i bratt terreng eit stykke - før vi kom opp til neste skiheisstasjon. Derifrå gjekk vi i opne alpinløyper opp. Spektakulær utsikt ettersom vi vant høgde. Ushba (4700) reiste seg som ein vegg på andre sida av dalen for Mestia, og då vi kom bort til Mentashi, var utsynet mot Ternold (4858) imponerande. Vi gjekk ryggen tilbake, tok noko å drikke på kafeen der Tom venta på oss, og tok skiheisen ned. 16,4 km, 1274 hm, 5 t og 15 temaer. Anne, Eirik og Anders var med.

User comments

  • -
    avatar

    Georgia!

    Written by bakken59 16.09.2024 09:38

    Vi fekk tre fine dagar i Svaneti, nærare bestemt Mestia. Den andre turen vi gjekk, gjekk frå 2700 til 3200 moh, men nådde jo slett ingen topp! Ushba er 4700 moh. Fann ikkje toppane på pb.

  • -
    avatar

    Hvor i all verden

    Written by Stigun 15.09.2024 13:08

    har du vært? Både navn og bilder vitner om fantatastisk og eksotisk sted, men «where on Earth»??!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.