Østre og Vestre Vealøs (14.06.2024)
Bestigninger | Vestre Vealøs (498moh) | 14.06.2024 |
---|---|---|
Østre Vealøs (445moh) | 14.06.2024 |
Smågrått vær, men burde eigne seg for tur. Fekk med meg Benjamin som hadde vore på Østre og Vestre Vealøs før. Sjølv minnest eg svakt ein tur til Vealøs som barn, meir enn 50 år sidan altså, og eg hugsa ikkje stort av det. Vi starta ved bommen forbi Store Skifjell. Gjekk eit stykke opp vegen før vi tok av til høgre og følgde blåmerkt stig til tjønna ved Gramsebu. Der så vi ei kvinandho med fem nydeleg småungar bak seg. Så gjekk vi opp til Østre Vealøs og spiste niste der frampå berget. Nedatt og stig vidare mot vestre Vealøs. Då vi kom ut på grusvegen, såg vi ein stor fugleunge i vegen - straks følgt av mora - ei røy! Flott å få så god kikk på både mor og unge. Vi gjekk raskt grusvegen opp til toppen. Der var det nesten litt sol då vi sat ned for å drikke litt saft. Ein annan fotturist der oppe, og då vi starta nedturen kom ei sprek dame i fint driv opp. Ho tok turen tre gonger i veka, sa ho. Vi gjekk raskt ned for å sleppe unna dei mørke regnskyene, men fekk litt småregn dei siste to kilometrane langs vegen. Enda ei flott fugleoppleving var eit par flaggspettar som laga mykje bråk rundt ei osp med to hakkespetthol i. Kanskje hadde dei ungar der inne?
12 km, 3 timar og 41 minutt inkludert matpauser og fugletitting, 505 hm. Benjamin var med.
Kommentarer