Liten kosetur til Siljannibba (23.10.2023)
Besteigungen | Siljannibben (261m) | 23.10.2023 |
---|
Køyrde til Norddal, gjekk grisute traktorveg oppover. Dei heldt på med tømmerhogst. Fann toppen greitt, og den var kjempefin! Stussa over ein murt trase på veg opp mot toppen, og var imponerte over eit par kjempestore flyttblokker rett under toppen. Toppunktet var herleg med stupbratte berg, eik-og furutrær, og fantastisk flott utsikt utover Bjørkedalen. Vi gjekk litt rundt frå berg til berg, og stussa også over den fjøslykta nokon hadde hengt i ein busk på det eine berget. 2,80 km, 178 hm, 1 t og 24 minutt inkludert pause på toppen. Benjamin var med.
Benutzerkommentare