Vårskitur i draumefohold til Bjørndalsnuten (20.05.2023)  6


Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 50min
Distance 17.0km
Vertical meters 926m
GPS
Ascents Bjørndalsnuten (1,016m) 20.05.2023
Bjørndalsnuten sør (1,015m) 20.05.2023

Denne turen har eg lese om i nokre år, og sett at den er litt kronglute pga elvekryssing frå Roaldkvam, og ganske ulendt frå Tysseland der Knut Sverre gjekk. Og vi ønskte å gå på ski. Utsynet frå Lammanuten dagen før avgjorde at det var umogleg å gå på ski frå sør, og då vi køyrde forbi Tysseland, såg det også ut til å vere ein lang anmarsj med skibering der også. Otto og Inger Lise hadde gått på ski frå Ilstad, men hadde fåt skyss av traktor i januar, vi derimot måtte rekne med ein ganske lang anmarsj på føtene.
Men så fekk vi ideen å ta toppen frå nord ved å køyre opp til Sauda skisenter og starte der. Vi rekognoserte ved å køyre opp der fredag kveld, og då såg vi at det gjekk å køyre heilt opp til Gjuvsbotn til hyttefeltet der. Rett nok var det ein bomveg og ein hadde ikkje høve til å vippse seg inn den i helgene, men det hadde vel med kapasitet å gjere, tenkte vi, så vi bestemte oss for å spørje bonden på garden rett ved dagen etter. Som tenkte så gjort.
Dagen etter stoppa vi ved bommen, ringte på hos bonden, og lurte på om vi kunne vippse oss inn på bomvegen. Han sa at strengt att var det hytteforeininga som stod for det regimet, men kapasitetsproblem ville det ikkje vere på ei helg seint i mai, så han meinte vi berre kunne køyre på, og det gjorde vi. Han viste oss også til Kufonnskaret då vi spurde, og dermed var ruta vår lagt.
Vi starta kl 1020 frå skisenteret i perfekte forhold. t-skjorte og vindbluse var alt vi trengte å ha på, og jobbe oss oppover mot Kufonnskardet heilt til toppen. Kufonndalen ned på andre sida mot Storavatnet var superbratt! Hadde vi vore randonnekyndige, er det mogleg at det hadde vore ideelt, men vi endte med å ta av skia eit stykke og lage trappetrinn i det bratte henget nedover. Men så kom skia på att, og vi rann nesten ned til Storavatnet. Bak oss kom det svingande fire randonneløparar, dei hadde tatt skaret lenger vest, og sa at vi burde ha tatt til høgre litt før toppen av Kufonnskaret, og heller vald deira trasé. Dei var på veg til Hustveitsåta, medan vi fann ut at det beste for oss ville vere å runde Grånuten mot vest. Det gjorde vi, vi heldt høgda i staden for å renne ned til Reinsfossvatnet, gjekk på austsida av den vesle tjønna sudaust for enden av det vatnet og kom så opp til Fagravatnet. Der kryssa vi isen, og kom opp til den vesle bua på svaberget over vatnet. Perfekt rasteplass på benk i sola mot sør. Medan vi sat der såg vi ein skiløpar som kom opp frå Reinsfossvatnet, og dessutan folk oppe på Bjørndalsnuten.
Etter matpakke gjekk vi også opp på toppen, og der møtte vi to karar som kvar for seg hadde gått på beina frå Roaldkvam. Dei fortalde at skiløparen vi hadde sett også hadde kome frå Sauda skisenter i Svandal, men ikkje same vegen som vi hadde kome. Veldig hyggjeleg passiar med desse to, som også hadde sine samleprosjekt, ein var sågar peakbookkollega. Dei starta heimturen sin til fots, og då vi omsider starta vår heimtur møtte vi to fotturistar til, denne gongen to unggutar med baris, også på samlekøyret, men ikkje pb-arar, så vi verva dei hit - trur vi. Nedturen var utruleg lett og fin, vi køyrde fine svingar heilt ned til hytta ved Fagravatnet, og så bestemte vi oss for å følgje skisporet til den andre karen, og det viste seg å vere smart. Vi gjekk isen på Reinsfossvatnet og så neste vatn også på isen. Deretter klatra vi opp, dels på føtene nordvest i det vatnet, før vi rann i fine svingar ned til Svortetjønn. Her svikta vi skisporet vi hadde følgt, og følgde sørsida av vatnet til osen, og så bekkjedalen nedover. Vi heldt omtrent same høgda heilt ned til dalbotnen under Kufonnskardet. Og så rann vi rett ned til Gjuvsbotn igjen. Heile turen unnagjort på mindre enn 7 timar, utruleg vakker dag, spennande terreng, hyggjelege treff undervegs. Anne og eg var stornøgde med vala vi hadde gjort, og vi vil tipse andre om å velje å ta denne turen på vårskiføre. Det var rett og slett ein fryd! 17 km, 6 t 50 minutt inkludert fleire fine pauser, 926 hm. Anne var med

User comments

  • -
    avatar

    Takk!

    Written by bakken59 21.05.2023 12:31

    Det var verkeleg ein draumedag ja. Har du bytta brukarnamn, forresten? Kvar blei det av Uncas?

    • -
      avatar

      Sv: Takk!

      Written by Stigun 21.05.2023 13:21

      Uncas "lever" fortsatt, som den evig siste mohikaner i James Fenimore Cooper sin tidløse roman, men er ikke lenger på Peakbook... God tursomer!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Takk!

        Written by bakken59 21.05.2023 13:24
  • -
    avatar

    Gratulerer med ny

    Written by Stigun 21.05.2023 12:20

    flott kommunetopp, og med smart og kreativt rutevalg! Bra at det var såpass snøforhold så sent på året og på såpass moderat høyde over havet

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.