Første kommunetopp i år blei Lammanuten (19.05.2023)  4


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 23min
Distance 11.4km
Vertical meters 638m
GPS
Ascents Lammanuten (630m) 19.05.2023

</gallery>
Lang køyretur frå Oslo for to toppar vi mangla i Ryfylke. Men vi tok det som ferietur Anne og eg, og koste oss i Skånevik natt til fredag + besøkte Stødle på fredag føremiddag. Men etter lunsj køyrde vi til parkeringsplass ved Stølsvik, og starta å gå vegen opp langs Bordalsbekken. Lang seig motbakke som vi var sikre på eigna seg godt som motbakkedrag - for dei som driv med sånt! Vi møtte litt folk på veg nedover - sjølv hadde vi jo ikkje starta før kl 1345. Fine klopper over dei store myrane, elles heilt tørt og greitt å gå. Vi brukte 1 t 44 min opp, og rasta bak varden pga sur vind, og dessverre starta det å regne litt også. Men vi fekk då sett oss godt rundt, blant anna over til Bjørndalsnuten som vi hadde sikta oss inn på dagen etter. Vi var innstilt på å gå på ski dit, men opp til Lammanuten var det overhovudet ikkje snø å sjå, og over mot Bjørndalsnuten var det heller ikkje kvite felt, Sjølve Bjørndalsnuten hadde vel einskilde kvite flekkar, men det såg ikkje ut om om det var grunnlag for skitur dagen etter - tenkte vi då. Heim same vegen. 11,4 km, var borte 3 timar og 25 min inkl pausen. 638 hm. Anne var med. Vel ned køyrde vi tilbake same veg og så om Vats og Sandeid og Ropeid til Sauda der vi spiste pizza og overnatta.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.