Brattefjell på ski (06.05.2023)  5


Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 04min
Distance 16.7km
Vertical meters 983m
GPS
Ascents Brattefjell (1,540m) 06.05.2023
Grønuten (1,207m) 06.05.2023

Ei helg til disposisjon for vårskitur! Skisesongen var jo flott, men eg ser at eg ikkje har hatt fokus på toppunkt i år, men 1100 km er mange timar investert i skiturar. Etter påske har det vore andre fokus enn ski eller toppturar, men så slapp eg frå. Gemalen ofra seg for hagen i Oslo, medan eg drog frå hytta til Sudbø i Åmotsdal og starta turen ca kl 1030. Skare etter kald natt. Parkerte ved Sudbø og gjekk bortom den freda fjellgarden Kvammen der eg har følgt restaureringa av hovudhuset. Det var blitt fint! Så opp bakken bak, og deretter traseen i bjørkeskogen som vel er rydda for skuterkøyring kanskje? Opp til Storevier og over høgda ned til Grotvassdalen. Ikkje problem med kryssing av vatn og bekkar: rett og slett kjempemykje snø til mai å vere. Det bles meir og meir ettersom eg vann høgdemeter. Og Brattefjell er bratt, så eg tykkjer nok oppturen var tung sjølv om underlaget var som eit golv. Måtte ta på boblejakke og vindlue, og rasten under toppen var av det korte slaget. Og sitteunderlaget bles bort på toppen.
Tok det pent nedover, når ein går aleine, er det greitt å unngå uhell. Nesten heilt nede i dalen møtte eg fire unge menn som skulle oppover. Dei var IKKJE kledd for forholda høgare oppe, men såg dei tok lang pause litt oppi bakken, så dei fiksa det vel. Stakk bortom eit lite sel der eg hadde ein lun pause med sjokolade og saft. Då eg gjekk over høgda mot Storevier, fann eg ut at eg ville oppom Grønut, det var for fint til berre å dra nedatt til Sudbø utan vidare. Dei siste to km var føret prega av slush, men eg sakk ikkje ned heldigvis. 16,7 km, 5 t og 4 brutto, 983 hm. Gjekk aleine. På tide med denne første turen på ski til Seljords høgaste. Har elles berre gått sommarturar hit.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.