Kveldstur til Storefjell på Håøya (17.10.2021)  4


Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 2h 43min
Entfernung 10,6km
Höhenmeter 344m
GPS
Besteigungen Storefjell (141m) 17.10.2021

Etter besøk på Stathelle, fekk eg følgje av kusine Kari og vi drog i retning Langangen for å gå til høgaste punktet på Håøya, Storefjell. Vi starta litt for seint (kl 1630), og vi hadde ikkje gjort forarbeidet vårt ordentleg, så vi rota oss opp ein bratt skrent frå Mørjefjorden, der det kunne sjå ut som om det gjekk stig langs strand bort til Vrangsund; det gjorde det ikkje. Følgen var at vi måtte klore oss opp til steinbrotvegane, så leite etter stigar og farbare vegar i verkeleg bratt og ulendt terreng. Men då vi kom til sundet, var alt fint. Merkt stig til toppen, låg sol, klart og kaldt oktobervær. Då vi kom på toppen, var sola gått ned, men månen var komen opp, og utsikten mot Helgeroa og horisonten var flott. Vi greidde oss eit lite stykke utan hjelpelys, men så måtte eg fram med lommelykta på telefonen, og Kari, smartare enn meg, med hovudlykta. Min telefon gjekk i svart etter kvart, og var veldig takksam for at Kari hadde lys, for vi gjekk i alle fall fire kilometer i mørke - og måneskin.
10,6 km, 344 hm, 2 timar og 42 netto gåtid.
Takk til Kari for eventyrleg tur!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.