Siste i Vest-Agder - nydeleg til Tomlingen (27.06.2021)
Besteigungen | Store Tomlongen (683m) | 27.06.2021 |
---|
Etter å ha vore turist med Tom på Lista om føremiddagen, sette eg han på bussen på Sirnes, medan eg køyrde opp til Sira og på vestsida av Sirdalsvatnet til parkeringslomma ved Gryteåne der det står skilt med Tomlingen. Til dette med namnet: det er opplagt rett med Tomlingen, ikkje Tomlongen, ein tomling er jo eit lite beger ned rund botn som står og vippar. (Sjå bilete.) Og det passar veldig bra på den store steinen på «vippen» på toppen.
Gjekk jamnt opp til Jødal, der eg stoppa og snakka med to karar som vurderte byggjeprosjekt etter at ei hytte hadde brunne ned på den øvre stølen. Derifrå var det effektive høgdemeter oppover! Flott utsikt, med vindmøllene på Tonstad som bakteppe mot aust. Etter at eg kom opp over tregrensa, var det lett å gå, men ein del opp og ned. Toppunktet var heilt nydeleg, med det fine skulpturhovudet, grønn lyng i ettermiddagssola, og varme fine sva. Temperaturen var ideell, 22 grader med ein svalande bris, ikkje insekt, så å seie skyfritt. Eg brukte 1 time og 28 opp inkludert pratepausen. Koste meg på toppen i ein halvtime. Gjekk så greitt nedatt i heilt nydeleg terreng og vakkert lys. Så litt småfugl og halen på ein orm som forsvann i lyngen i ein av dei bratte kleivene. 10 km, 3 timar og 15 minutt inkludert pausen på toppen, 637 hm. Gjekk aleine. Fekk eit deilig bad frå badebrygga i Briklandstjønni på veg tilbake til Sira.
Benutzerkommentare
Takk for fin beskrivelse!
Geschrieben von Jornarild 11.09.2022 12:58Vi fulgte denne beskrivelsen opp i sommer, og kan hilse fra de to karane!! Den nye hytta stod klar for maling da vi var der, og vi fortalte dem om denne nettsiden og beskrivelsen. De syntes det var moro.
Jeg filma turen og lagde musikk til den:
https://youtu.be/FQ8KarU7wQ4
Sv: Takk for fin beskrivelse!
Geschrieben von bakken59 11.09.2022 15:23Flott film! Og like fint vær som eg hadde, ser eg!