Lodalskåpa - eventyrleg dag (14.05.2021)  6


Turtype Fjellskitur
Turlengde 14t 00min
Distanse 22,5km
Høydemeter 1686m
GPS
Bestigninger Lodalskåpa (2082moh) 14.05.2021

Etter å ha bestilt og betalt guida tur til Lodalskåpa for 2,5 år sidan, klaffa det endeleg denne kristi himmelfart-helga. Vi køyrde over Strynefjellet til Loen og Lovatnet, og så nesten opp til Bødalsseter. Det låg snø dei siste 200 metrane før parkeringsplassen. Vi hadde leigd hytte av Erik Bødal, og rigga oss fint til der etter å ha gått guiden vår i møte og hjelpt han med å bere låneutstyret fram til hytta. Han fekk det eine rommet slik at vi kunne starte samla dagen etter. Dagen starta med mildt vær og lett skylag, men vermeldinga var positiv. Vi gjekk på ski med litt bare flekkar innover. Vi heldt til høgre i dalen, for der låg det mest snø, men det gjorde at vi ikkje fann ein god stad å kryssa elva, og det endte med at vi vassa over. Så kravla vi oss opp omtrent der sommarstigen går mellom fossane. På toppen av berget rasta vi og la på langfeller. Fint oppover med meir og meir sol. Ny rast før Brattbakken. Vi sikksakka oss greitt oppover. På toppen rasta vi igjen, og kledde oss litt varmare, for det bles litt meir og skya litt til. Det gjekk greitt inn over breen. Guiden vurderte ruta vi skulle følgje opp på fjellet, for tre gutar gjekk seg fast i bratthenget pga roten slush-snø som det var vanskeleg å få feste i. Vi gjekk opp lenger mot høgre og greidde oss fint. Så eit langt slakt oppoverstrekk, før vi kom til fjellkammen og fekk sjå toppen for første gong. Den hadde lege i ei sky tidlegare. Drog så bort til Veslekåpa og runda den på høgre side. Veldig glad for at det var så mjukt føre, for med hard skare her, hadde eg vore litt usikker. Langt ned! Bort til toppen der vi fekk av sekkane, på med stegjern, litt påfyll av mat og så dei siste 60 hm. Eg har høgdeskrekk, og var litt nervøs for siste etappe, men med isøks og stegjern, gjekk det overraskande greitt. Det var dessverre eit tynt skylag over toppen, så ikkje noko utsikt derifrå, men akkurat da var vi storvegs godt nøgde uansett. Vi brukte 8 timar opp, guiden hadde sett eit fint og roleg tempo, og la inn pausar jamnt og trutt. Vi var fem med fjellski, og to med randonneski, og dei to måtte jo vente på oss andre, men vi køyrde ganske greitt i blautt føre med fellene på nedover. Deilig og varmt frå Brattbakken og ned. Ved Kåpevatnet låg det mange ungdomar i telt i kveldssola, og over dei kneisa Lodalskåpa i blank kveldssol. På berget over fossane tok vi av skia og hjelm og sele. Og så bar det ned kleiva i ordentleg ekle forhold. Roten snø, søyle, vatn og bratt. På eit punkt glei eg og rutsja nedover utan kontroll. Knut greidde å få tak i meg og stoppa meg før det gjekk gale. Var litt shaky etterpå, for fossegjelet var rett under. Vi fann begge bruene på tilbaketuren, og følgde sommarstigen til fots tilbake til hytta vår. 22,8 km, 14 timar og 15 minutt, 1686 hm. Tom, Anne, Eirik, Erich, Knut og Alpo var med.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Takk!

    Skrevet av bakken59 16.05.2021 22:37

    Det var ein super tur med heldige forhold, så skituren kunne ikkje ha vore betre. Men ekkelt å miste kontrollen då eg gjekk på føtene i bjørkehenget, fossegjelet var skummelt nære! Korleis er turen på sommaren?

    • -
      avatar

      Sv: Takk!

      Skrevet av Stigun 16.05.2021 23:04

      Tror du hadde tilnærmet identisk utglidning, altså samme sted, som en kollega på turen vår til Brenibba i 2007. Så veldig skummelt ut, han hadde også nær gått i fossen. Som sommertur er det bratt fottur, med såvidt jeg husker tre brepassasjer hver vei.

  • -
    avatar

    Gratulerer med

    Skrevet av Stigun 16.05.2021 22:29

    Vestlandsdronninga! Flotte bilder. Har vært to ganger oppover her, en gang til Brenibba(på ski) og andre gangen til Lodalskåpa(fottur); begge gangene stygge utglidninger av noen i følget; men heldigvis slapp de med skrekken de også.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.