Barlindhøgda på ski frå Stryken (31.01.2021)  4


Duration 5h 00min
Distance 24.5km
Vertical meters 502m
GPS
Ascents Barlindhøgda (524m) 31.01.2021

Tom og eg køyrde til Stryken, og starta der i 12-13 minus. Perfekte spor og ikkje ei sky. Tom snudde etter Måsjøen, eg gjekk ut på Hakkloa, og så inn til venstre til Østre Hakkloa, nydeleg plass. Fann grei trase opp. Ute i opent lende var det perfekt nysnø, ca 10-15 cm oppå hardt underlag, men i granskogen var det steinhardt. Etter lite imponerande toppunkt, men flotte opne parti litt rundt sjølve toppen, bestemte eg meg idiotisk nok til å følgje ryggen sørover for å gå ut på Helgeren. Det var svært ulendt, bratt, bøyde og brekte trær, steinhardt under trærne, laussnø i dei få opne partia som var ordentleg bratte. Og tynne langrennsski! Tok av skia på eitt punkt, men sakk ned med ein gong ein kom unna trærne. Datt 10-15 gonger, og var heilt kake då eg etter meir enn ein time kom ut på isen til Helgeren. Gjekk til Fortjern, då Vidarløypa til Rottungen, isane til Øyungsdammen, ned til Skar der Tom plukka meg opp. 24,5 km, 5 timar, 502 hm. Toppunktet tok eg (heldigvis) aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.