Regn og søyle til Mjærskaukollen (15.11.2020)  1


Tourcharakter Fußtour
Tourlänge 1h 26min
Entfernung 4,1km
Höhenmeter 213m
GPS
Besteigungen Mjærskaukollen (300m) 15.11.2020

Heilgrå dag med regn og tåke. Og korona. Plukka ein liten tur og tok på meg fullt regnhyre. Køyrde til Mjærskau, gjekk opp den fine alleen, så traktorvei som dessverre var brukt til skogsdrift, med alt regnet var nesten heile vegen opp til toppen, så det var ein trasig søyletrase. Gjekk litt uti bushen innimellom for å unngå det verste. Tårnet stod nybygd og ferdig, men tett tåke, regn og litt vind, gjorde jo ikkje toppunktet til ei stor oppleving. Valde å bushe nedover i terrenget, første del var ikkje noko særleg, for det var jo prega av hogst, men så fann eg nokre gamle stigar, så då gjekk det greiare. Fann nokre flotte kantarell - midt i november! Kom ned på feil side av gårdstunet, så eg skar over jordene bort til bilen. 4,18 km, 1 time og 26 minutt. 213 hm. Gjekk aleine -rimeligvis i slike forhold.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.