Glotjernskollen i november (14.11.2020)  4


Characteristic Trip by foot
Duration 3h 30min
Distance 15.5km
Vertical meters 385m
GPS
Ascents Glotjernskollen (525m) 14.11.2020

Etter ei grå og våt koronaveke var det deilig å kome seg ut i oppholdsvær. Køyrde til Movann, gjekk vegen til Ørfiske, tok stigen til venstre ved Fredrikstad og gjekk over til Fløyta. Kjempevått i terrenget! Så gjekk eg inn på vegen og heldt til venstre oppover eit stykke. Følgde så våt stig oppover mot Manntjern, gjekk ikkje ned til vatnet, men valde stig til venstre i staden for å halde høgda. Tok etterkvart av frå stigen og følgde skuggen av ein stig som blei borte innimellom. Sjølve høgda var fin med blåbærlyng og kronglefuruer, men toppunktet var utan utsikt i eit skogholt. Snudde og åt matpakka på eit berg med utsikt litt lenger sør. Same vegen tilbake, men kom ned litt lenger vest enn der eg tok av frå stigen. I den bratte kleiva ned mot vegen glei eg og datt. Blå negl var omfanget av skaden. Gjekk hovudvegen tilbake mot Movann, men tok av stigen ned kløfta med skilt mot Mobekken og Movann. Har aldri gått der før, flott foss i skaret med mykje vatn i dag. Elles var vel ikkje vegvalet noko sjakktrekk, for stigen var kjempevåt. 15,48 km, 3 timar og 32 minutt, 385 hm. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.