Ny trase til Vehuskjeringi (08.08.2020)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 50min
Distance 12.0km
Vertical meters 566m
GPS
Ascents Vehuskjerringi (1,355m) 08.08.2020

Drog med lokale som gjorde at vi køyrde gjennom open bom frå Brannkvålen til Deildestøyl. Kunne difor starte rett på stig. Gjekk forbi staulen Klemmen og så opp til vadet over den flotte bekken ned svaberg og småstryk. Stigen derifrå og opp var kjempefin og ikkje så brutal som den som går frå Hyllandshei via Jønnardalen - eller den som går rett opp frå Vehus. Den låg flott i terrenget, og vi vann høgda nesten utan å merke at vi nærma oss toppen. (Kan også hengje saman med at Berit og eg prata i eitt heile turen!) vi brukte 1 time og 35 opp. Rasta lenge i nydeleg vær, snakke med nokre andre toppturgåarar også. På vegen ned fekk vi med oss tre geiter som hadde følgt nokre turgåarar til fjells i staden for å halde seg på staulen Lega. Dei følgde oss veldig lojalt, ikkje snakk om å få hekte dei av ved Lega! Vi gjekk vegen tilbake sidan sjåføren vår ikkje hadde gått oss. Ved siste ferist og port møtte vi heldigvis ei budeie i bil, som overtok geitene. 4 timar og 50 brutto på 12 km, 566 hm. Berit og Torodd var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.