Øyensskavlen blei siste på denne turen (07.07.2020)  3


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 40min
Distance 11.5km
Vertical meters 614m
GPS
Ascents Øyensskavlen (686m) 07.07.2020
Øyensskavlen mast (633m) 07.07.2020

Formiddagstur før den lange køyreturen heim til Oslo. Starta i OK vær, ikkje varmt men lyst opphald. Gjekk ca 4 km på veg då eg tok av rett opp lia. Følgde grei stig. Oppe på platået såg eg ein hare. (Morsor såg fem!) Framme ved tårnet skya det meir over, og på veg til varden kom regnet. Gjekk til høgre for den vesle tjønna bort, burde ha gått til venstre der det er stig. Nådde toppen i regn og utan særleg utsikt pga ein tåkedott. Den dreiv til side, og på veg ned mot tårnet slutta det å regne. Rutsja ned lia att, men fann ikkje stigen, så tok den på kjensla, ser etterpå at eg kom for langt til høgre. På vegen nedover starta det å regne igjen, meir jamnt denne gongen. Nedst i grusvegen møtte eg først ein familie på fem, så to damer og eit par. På dei fem turane eg no har gått i Nord-Trøndelag og Nordland, er dette den einaste turen der eg har møtt folk på tur. Det er vel kanskje vegen som gjer denne turen meir attraktiv? Denne turens fasit blei 11,5 km, 614 hm og 2 timar og 40 brutto turtid, 2 timar og 34 netto. Gjekk aleine, sette meg i bilen og køyrde til Oslo, var framme kl 2330.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.