Frå Andfiskvatnet via Bjørnhaugen til Mo (02.07.2020)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 09min
Distance 16.3km
Vertical meters 635m
GPS
Ascents Bjørnhaugen (749m) 02.07.2020

Tom køyrde meg eit stykke inn langs Andfiskvatnet, der var det ein bom som ikkje var markert på ut-appen. Det var greitt nok. Eg følgde vegen i 6 km før den endte i ei dør i fjellet. Vasskraftanlegg kanskje?Derifrå var eg litt i tvil om eg skylle gå til høgre eller venstre for å forsere berget, men traseen til høgre som eg valde var heilt grei. Ikkje spor av stig, men eg gjekk meg ikkje fast i svaa heller. Regn av og på, ei haglbyge kom då det var som brattast. Hadde regnbuksa av og på to gonger. Fann toppunktet med varde og stake og etter kvart også den breie stigen som går langs med platået. Det sprakk opp, og sola kom fram rett etter eg hadde passert toppen. Då rasta eg, og det steig damp frå vått terreng. Storslått flott landskap med mykje snø no 2. juli. Følgde berre stigen ned til anleggsvegen. Skar av nokre svingar ved å følgje stig beint nedover. Møtte første person ved eit vassanlegg ganske langt nede. Han var på sykkel. Tom ringt og henta meg då eg var besten komen ned til Tverråga. 16,3 km, 635 hm. 4 t og 10 min brutto, 3 t og 44 min netto. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.