Lovund i draumever (28.06.2020)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 10.9km
Vertical meters 833m
GPS
Ascents Lovundfjellet (623m) 28.06.2020

Flott værmelding, så vi tok 10-båten frå Stokkvågen. Gratis når ein ikkje har med bil! Gjekk frå ferjekaia til Nøvbukta. Nydeleg stig og vakker sandstrand. Så ut langs høgre sida og inn i skogen. Det var ordentleg varmt, og vi skjønte fort at vi burde ha hatt med meir drikke. Nesten opp det seige skaret, bestemte dei to unge seg for å snu. For dårleg form, for varmt og for lite drikke med. Tom og eg klorte oss vidare. Sjølv om stigen blei betre og ein tanke mindre bratt då vi gjekk ut av skaret og over på den bratte lyngbakken, var dette strekket veldig seigt. Høge kneløft, og ingen kvileparti. Men viljen er jo det avgjerande, og då vi bikka kanten og såg den flotte grasbakken opp til varden, kvikna vi til. Lang rast, mat, resten av drikken, fotografering med hjelp av ein moldensar på over 70, som går denne turen stadig vekk, for har hus på Lovund. Nedturen var slitsam på ein litt annan måte. Ingen uhell, men ganske møre då vi kom fram til Emaus pub der dei unge venta på oss. Herleg med drikke og hamburgarmiddag! 10,9 km, 5 timar inkludert rast, 833 hm. Tom, Torbjørn og Marit var med - dei to siste ikkje heilt til topps.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.