Mykje køyring for lite (08.09.2019)  1


Characteristic Trip by foot
Distance 2.3km
Vertical meters 62m
Map
Ascents Litlåsfjellet (109m) 08.09.2019

Etter flott tur på Gullfjellet, fann vi litt frivolt ut at vi kunne rekkje å køyre til Mongstad før Annes flyavgang og min jobbmiddag. Så det gjorde vi. Parkerte ved stengt port på Mongstad-sida, vi hadde planlagt å køyre heilt inn. Sidan vi hadde små marginer til flyavgangen, gjekk og småløp vi fram og tilbake. Eg har ikkje sprunge på fleire år, men for Anne var jo dette ein kurant løpetur. Fann bolten i høgt gras, og sprang tilbake til bilen. Litt dårleg samvit for all denne bilkøyringa for så skral topp! Anne var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.