Tredje topp - Morkefjellet i Radøy (07.09.2019)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 0h 57min
Distance 2.1km
Vertical meters 215m
GPS
Ascents Morkefjellet (216m) 07.09.2019

Vi kom til startpunktet ved Kolås kl 1930, og hadde ein litt eventyrleg kveldstur. Den gamle bygdevegen som vi følgde i starten, var eit interessant kulturminne, og den planta skogen var totalt mosedekt, og vi gjekk gjennom eit merkeleg grønt eventyrlandskap. Så kom vi til eit skilt som viste til Morkefjellet, og vi skar bratt opp eit svakt tråkk i den planta granskogen, kom ut av den og følgde da sporet av eit tråkk opp ei veldig bratt grasli, møtte eit piggtrådgjerde og ein gamal nydeleg steinmur, vi kryssa gjerdet, og følgde muren til vi møtte stig frå andre sida (frå Morken-gardane), så eit stutt strekk opp til toppen. Der fekk vi nydeleg kveldssol over havet, tok bileta våre og følgde same vegen nedatt. Vo brukte 58 minutt brutto, 52 netto. Distansen var berre 2,1 km, men høgdemetrane var 215, ikkje så gale med tanke på at toppen var 216 meter høg! Eg likte veldig godt den historiske dimensjonen dette gjengrodde lyngheilandskapet kunne by på, og kveldssola var perfekt slutt på fin toppdag. Slitne og møre og sultne sat vi oss i bilen og endte opp på kinakro i Knarvik. Vi var veldig godt nøgde med dagens fangst.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.