Sveningen i flott vêr (07.09.2019)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 47min
Distance 11.5km
Vertical meters 821m
GPS
Ascents Sveningen (842m) 07.09.2019

Klare for kommunetopphelg i Bergen, valde vi å starte med toppen i Os. Vatnet i Øverdalen låg som ein spegel, og vi starta å gå frå parkeringsplassen ved elva ca 1030. Fin slag stigning og god stig opp gjennom skogen, ein pause akkurat i det vi kom ut av skogbeltet pga ein jobbtelefon, og så vidare inn dalen og deretter bratt opp den kvitmerkte stigen opp mot toppen. Det var ei skikkeleg kleiv der vi tok 300 hm på relativt kort distanse. Éin kar sat på toppen då vi kom, men han var nok ute etter ro og fred, for skar av garde rett før vi var oppe. Vi rasta på toppunktet med fabelaktig utsikt, Gullfjellet hadde ei sky rundt hovudet i starten, men den letta etter kvart. Før vi starta nedturen møtte vi ein peakbook-kollega som hadde primært fokus på 100 m pf i Hordaland, men som også var godt orientert i kommunetoppane. Vi intervjua han litt om Tysnessåta som låg så flott i septembersola framfor oss, men då vi var nede ved bilen, forstod vi at fergetidene ikkje passa, og at vi nok ikkje ville vere tilbake før kl 2100 - i beste fall, gitt tidene. Dermed la vi heller kursen nordover mot Meland og Radøy. Opp brukte vi 2 timar og 10 minutt inkludert jobbpausen, men og totaltida inkludert lang pause blei 4 timar og 42 minutt. Men netto gåtid var 3 t og 32 min. Vi logga 11,5 km og 821 hm. Anne var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.