Endeleg Vega-toppen: Trollvasstind (06.08.2019)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 17min
Distance 10.8km
Vertical meters 857m
GPS
Ascents Trollvasstinden (801m) 06.08.2019

Då vi starta kommunetoppsamlinga i 2011, var toppen på Vega på programmet, men dagen vi hadde sett av til det var regnvåt og blåsande. Vi sette likevel av stad til Trollvasstinden, men snudde på toppen av Vegdalsskardet då vi fekk kulingen rett i mot, og skodda låg tett. Einaste resultat: ein mobiltelefon øydelagt av regn. Men meininga var nok at vi skulle vente med turen til i år, for denne gongen blei det draumeforhold!
Vi kom med ferga frå Tjøtta, rigga oss til i campinghytte på Vega camping, køyrde til Åsen og starta å gå. Grei tur med jamn lett stigning inn dalbotnen til vi nok ein gong stod i Vegdalsskardet på ca 200 moh. Så blei det ein bratt jamn tur opp gjennom grøne lyngbakkar og heng til urda under den steinete toppen. Det var eit intenst strekk på ca 350 hm. Dei siste steinete 250 hm opp til toppen gjekk i berg og ur. Då vi starta å gå, låg toppen i ei sky, men den forsvann gradvis etter kvart som vi kom oppover. Det vil seie, på toppen låg skyer under og bak oss, men på toppen var det vindstille, varmt og underskjønt. Vi var fire vaksne par der oppe samtidig, og ingen av oss hadde lyst til å røre oss derifrå. Vi sat der ein dryg time, og hadde brukt ca to timar opp. Vi opplevde det spesielle lysfenomenet Brockenspekter som eg ikkje hadde sett før anna enn frå fly! Heimturen gjekk greitt, og heile turen var unnagjort på 5 timar og 17. Dei blei fordelte på lang pause og 10,8 km. 857 hm. Tom, Anne og Eirik var med.

User comments

  • -
    avatar

    Vi er så heldige med vêret!

    Written by bakken59 07.08.2019 23:22

    Takk for artig kommentar om Brockenspekteret som eg no har lese meg opp på. Vi hadde glorie ja! I dag har eg hatt kviledag, og legg inn ein siste tur i morgon (Bindal), før turen går heimover og til jobb på måndag. Ser at du har hatt supre og imponerande turar i Lofoten! I går las eg Stjerntind-rapporten din: stum av beundring!

  • -
    avatar

    Grattis med Trollvasstinden!

    Written by knutsverre 06.08.2019 22:45

    Det tikker inn daglige bilder og rapporter fra nye kommunetopper, Kristin! Gratulerer med denne og flere tidligere. Du har tatt bilde av lysfenomenet som kalles Brockespekter. Hadde du eller en av dine turvenner vært med i bildet hadde dere fått glorie og kunne opptrådd som Brockenspøkelse, slik jeg gjorde på Blåfjellet i Naustdal!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.