Dønnmannen - lite utsikt dessverre (04.08.2019)  4


Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 12min
Entfernung 7,4km
Höhenmeter 977m
GPS
Besteigungen Dønnmannen (856m) 04.08.2019

Sommaren 2011 starta vi toppsamlinga vår, og då var vi på Dønna, men Tom og eg valde ikkje å gå opp, kombinasjon av dagsform og tett tåke. Men i dag kom vi tilbake og gjekk opp på vona om at skyene som låg rundt topppane skulle lette utover ettermiddagen slik yr spådde. Men dessverre, berre glimtvis utsikt austover frå toppen og ingenting å sjå vestover. Vi gjekk ganske jamnt oppover og brukte 1 time og 30 til topps på Haka. Eg var ikkje noko særleg bekvem opp langs taulengdene som (heldigvis) var lagt ut, men kom no opp. Vi sette frå oss sekkane, og gjekk dei 600 metrane bort til Leppa. Der såg vi på avstand ein turgåar ta rett ned (mot Breivika vel). Vi brukte ein halvtime til bort til Leppa inkludert litt fotografering. Då vi kom tilbake til Haka, rasta vi saman med to yngre austerrikarar. Dei arbeidde med fjellsikring på vegprosjekt i Nordland, og var klatrekyndige. Dei starta samtidig med oss frå p-plassen, i arbeidsbukser men med proffe støvlar. Grunnen til at vi kom opp før dei, var at dei hadde vald å klyve opp eggen i staden for å følgje raudmerkt stig og taulengder. Hyggjeleg prat med desse to. Så gjekk vi forsiktig nedatt. Eg likte meg ikkje i taua, fekk ein fallande stein i låret som tauet drog med seg. Ikkje så stor heldigvis, dessutan burde eg ha hatt hansker på hendene. Noja, det gjekk bra, og vi kom ned etter 4 timar og 12 minutt. 1,5 time til Haka, 30 minutt til Leppa, 45 minutt på turen tilbake til Haka og på rasten, og så ein time og 15 minutt til bilen. I tillegg til dei tre eg alt har nemnt, møtte vi eit par på vår alder då vi nesten var oppe ved taulengdene. 6,79 km, 977 hm. Tom var med. Dette var min kommune nr 240, det har altså tatt meg åtte år!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.