Eventyrleg topptur i Lurøy (02.08.2019)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 7h 00min
Distance 13.0km
Vertical meters 1,194m
GPS
Ascents Strandtinden Store (1,173m) 02.08.2019

Litt spent drog eg av garde frå Mo kl 0900. Spent fordi eg ikkje hadde fått med meg turfølge, og fordi eg hadde lese om ur og sva, ikkje mine favorittar. Men vêret var perfekt, og landskapet til å miste pusten av - Aldersundet låg som ein spegel då eg svinga av til Vassdalen og Vatne. Snakka litt med hyggjeleg bonde i det gule huset då eg starta. Stigen går rett inn bak venstre hjørne til det gule huset. Gjennom ein port og ut i havnehagen, og så ut av hamnehagen i enda ein port. Nydeleg hamnehage med kvite bjørkeleggar. Skulle ha gått langs det øvre gjerde på utsida lenger mot høgre, for der kjem ein inn på god stig til fjells. Eg busha rett opp, og kom inn på den gode stigen eit stykke oppe. Nedatt såg eg jo traseen eg burde ha vald gjennom og ut av hamnehagen. Gjekk så greitt opp til neste etasje, herleg utsikt og deilig terreng inn til Nedre Kvennskardvatnet. Men blei forskrekka over det brutale inngrepet som dei no gjer i elveosen. Rett og slett ein ny gravd kanal ut av tjønna som har senkt vasstanden med to meter. Då eg kom nedatt fortalde bonden at dette skulle bli eit kraftverk, der «alle» lokalt har protestert, og som vil føre til at den flotte elva blir tørrlagt. Utruleg trist, for elva var eit syn der den rann med flotte fall ut dalen.
Fann greit stigen på venstre side av vatna, men strevde i partiet eg hadde grudd meg for. Gjekk for langt til høgre og skulle prøve å kome meg inn på dei grøne felta for langt nede. Tre ulike ruter gjekk eg meg fast i før eg tok til vettet, og gjekk ned att. Så heldt eg til venstre opp det grøne feltet til venstre for den store urda. Kom inn i urda høgt oppe, og gjekk den heilt til topps, følgde altså den blankskurte veggen på toppen av urda heilt bort til dei grøne rennene til høgre for urda. Der gjekk det greitt opp, og eg kom omsider opp til neste avsats, det som ligg på 811. Der kom skyer strykande oppover. Fram til då hadde eg gått i varm sol. Klorte meg så rett opp dei 360 (!) hm i stor ur. Brukte over ein halvtime på det, og gjekk ofte på hender og føtter, dvs klyving. Bonden sa etterpå at eg skulle ha gått innover dalen så langt som mogleg, og der runda opp mot toppen. Var veldig glad då eg plutseleg hadde varden rett framfor meg.
Utruleg flott rast på toppen. Vindstille, sol, og kvitt skydekke under meg både mot nord og vest. Heilt eventyrleg utsikt! Eit minus var ein motordur frå under skydekket mot nord som høyrdest ganske nært ut. Eg såg jo ingenting, men lurte litt på kva det kunne vere.
Klokka mi gjekk tom for batteri på veg ned, men gjekk opp på fire timar, der ein halvtime var roting nede ved urda og svaa. Målte 6,6 km opp, då var det vel omtrent det same ned. Totalt sett var eg borte i sju timar. 4 opp, ein halvtime på toppen og 2,5 ned. Krabba veldig forsiktig ned urdene igjen. Havtåka låg no over heile terrenget, men innover Sjona var det sol, og eg stansa og tok eit bilete tilbake, der ein ser toppen min med skydekket rundt seg. Fantastisk flott natur og kulturlandskap og stolt over å ga gjennomført denne litt krevjande turen aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.