Åmotsdalsheiane med fleire nutar (25.07.2019)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 10.1km
Vertical meters 710m
GPS
Ascents Gunnarstaulnuten (1,203m) 25.07.2019

Herleg dag i Åmotsdalsheiane der eg gjekk nutar eg aldri har vore på før. Finnlinuten 1120, namnlaus topp 1159 og den eg hadde sett meg ut: Gunnarstaulnuten, 1203. Hadde sett på denne frå Gryvlun, og den skuffa ikkje! Bratte lyngsider opp der det gjekk å gå, men bergvegger på dei fleste sidene, eit toppunkt som var ganske flatt og fint med låg lyng og stein. Varden var også kjempefin. Eg parkerte ved Øvrebø, prøvde å følgje gamle stølsvegar forbi Fiten og mot Gunnstein. Gjekk nok litt for langt og endte med å klyve opp ei bratt ufs, og gjekk deretter rett opp til Finnlinuten. Frå avstand såg eg ein person på toppen av Gunnarstaulnuten, einaste folk eg såg på turen. Åt niste på toppen utan namn 1158, gjekk då opp til toppen. Nedatt gjekk eg Klopperoskatfet, og følgde diverse spor av stiger bed til Nystaul og Dyrdal. Brukte 4 timar og 28 på 10,1 km og 710 hm. Deilig å gå aleine og drive slik.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.