Skoræ - sol, litt vind (31.05.2019)  5


Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 17min
Distanse 9,3km
Høydemeter 380m
GPS
Bestigninger Skoræ (1041moh) 31.05.2019

Overnatta for andre gang på eitt år på Evje Park Motell, veldig god valuta for pengene! Køyrde så til Kyrkjebygda i Åseral og så nordover langs Monn-vassdraget til Ljosland. Der opp gjennom hyttefeltet til parkeringsplass ved Faresvatnet. Heilt klart vær med blå himmel og grøne museøyre på bjørkene rundt vatnet, men ikkje utsprunge høgare opp. od merkt stig med masseviss av klopper og bruer. Dessutan skilting og tilrettelagde trasear for skiløyper. Vi møtte fleire folk på turen, deriblant fleire barnefamilier. På toppen møtte vi ein far med to småskulejenter som hadde lege i telt natta før. Måtte vel ha vore litt kaldt, tenkte vi, men neida, det hadde vore heilt tipp-topp. Vi brukte 1 time og 10 minutt opp. Rasta i 20 minutt etter å ha kledd litt ekstra på oss, så omtrent det same på vegen nedatt. Heile turen unnagjort på to timar og 19 minutt. 9,38 km, 380 hm. Supert rundskode frå toppen - utover endelaust heilandskap. Vi har god plass i Noreg!
Anne og Eirik var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.