Første vårtur etter skisesongen. Deilig temperatur og herleg luft i skogen. Køyrde til Søndre Rønjul og gjekk rett sørover. Fann nytt skilt med flagg, gjekk forbi alle ruinane og lurte på kva dette har vore. I det forfalne triste huset som står der stien starta viste det seg sjokkerande nok å bu ein mann som brått titta fram bak ei gardin. Vi stoppa og spurte han om kva ruinane hadde vore. Grisefjøs og hønsehus som blei sprengt av tyskarane under krigen sa han. Hadde heilt gløymt bort den førre gongen eg hadde vore på toppen i Vestby, men ser av rapporten at eg då hadde lese meg opp på husmannsplassen Stokkholm. Alt kjendest friskt og nytt i dag sjølv om vi hadde vore 500 meter frå toppen sist, og sjølv om eg hadde sjekka historia. Rett nok kom vi inn frå vest og tangerte ikkje traseen vår i dag, men litt skremmande at heile turen sist var borte for meg. I dag var Tom og Finn med. 2 km, 38 minutt, 38 hm.
Kommentarer