Ålfotbreen i draumeforhold! (02.06.2018)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 9h 18min
Distance 23.0km
Vertical meters 1,437m
GPS
Ascents Punkt på Ålfotbreen (1,361m) 02.06.2018

21 grader då vi starta ved kraftstasjonen, 27 då vi kom nedatt, men frå den store ura og oppover (og nedover) var det ideell temperatur, og dessutan vindstille og heilt blått. Knusktørr vegetasjon er nok sjeldant på desse kantar, men vi har jo hatt sommarvarme utan nedbør i tre veker no. Utruleg herleg tur. Eg hadde ringt Svenn Petter Kjerpeset på torsdag, og få stod han faktisk på breen i shorts! Takka vere info gjekk vi på Goretex-sko, i shorts og utan sikring. Faktisk gjekk vi stort sett på tørt berg, men nokre snøflater gjekk vi no over. Og obligatorisk sving ut på breen for å krysse av toppunktet. Vi skreiv oss inn i boka i toppvarden og registrerte at dette verkeleg er ein lite besøkt topp, kanskje fordi veret stort sett er grått? Vi såg eit lemen, to ryper og ein hare heilt innat toppvarden. Elles gjekk turen heilt glatt, nymalte vardar hjelpte oss å gå rett, og elles var det berre å nyte. 9 timar og 21 minutt på 23 km og 1437 hm, nokre spise- og drikkepausar innrekna. Anne var med. Fabelaktig tur!

User comments

  • -
    avatar

    Da var den også i boks ....

    Written by knutsverre 03.06.2018 09:55

    Gratulerer Kristin! Ser ut som om det ble full klaff på den turen også! Traff dere Svenn Petter?

    • -
      avatar

      Sv: Da var den også i boks ..

      Written by bakken59 03.06.2018 16:15

      Fabelaktig tur! Ringte med Svenn Petter på torsdag, og det var veldig nyttig. Gjekk i shorts heile dage, i fullstendig vindstille. I dag Sankta Synnevahornet, ny draumedag!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.