Blåskavlen (24.08.2017)
Besteigungen | Blåskavlen (1.809m) | 24.08.2017 13:15 |
---|
Moro å vere på tur aleine! Etter fin overnatting i Aurland - hos Anne Lise via Airbnb - og etter å ha besøkt både Vangen, Flåm og Undredal kyrkjer, starta eg å gå frå toppen av Nalfarhøgdi p-plass og gjekk etter Knut Sverre sitt GPS-spor. Men det hadde eg nesten ikkje trengt, for heile traseen var i grunnen godt merkt. Fine vardar heilt til topps, og siste halvpart også litt bleike raude t-ar. Veldig motiverande og lettvint å gå i varda terreng. Det var meldt skiftande sol før 1200 og grått etterpå, men eg var heldig, og det blei omvendt. Toppen låg i lågt skydekke då eg starta, men på toppen var det fullt rundskode, og sol med eit tynt dislag framfor. Eg gjekk i trøye for det var ikkje vind, heilt opp, men det blei kaldt å sitje å raste, så tok på meg litt meir klær. Tok ein sving ned i motsatt li frå den eg kom opp for å sjå fjorden, jf bilete, var litt lat og burde nok gått enda lengre ned. Heimturen gjekk lett, særleg på dei mange fonnene. Brukte 2 timar og 12 opp, rasta kanskje i ca ein dryg halvtime, og brukte vel då kanskje ca to timar ned, totalt fire timar og førtiåtte minutt.
Køyrde Fjellvegen vidare til Lærdal, herleg vegstrekk!
Benutzerkommentare