Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sau, Sokse, Kalv og litt til.

Date:
19.05.2018
Duration:
6:46h
Distance:
18.5km

Ny dag og nye muligheiter. Labba oppover bakkane og tok sikte på Sauen. Lite folk den vegen, men enormt med folk på breen. Fleire hundre på Storebjørn idag. Etter ein god rast på Sauen gjekk me på Veslebjørn Nord. Tilbake i Bjørnskard sette Anders seg litt i ly for vinden medan eg fekk blåst ein tur på Soksene. God snøv opp renna så det vart kjapt gjordt. Anders hadde litt gnagsår, so me var litt usikre på om me skulle avslutte medan leiken var god. Men so var de no dissa kalvane då. Kjørte ned til dei og la igjen sekkane før me testa litt opp bakken. Går fint var konklusjonen, so då vart det 3 kalvar også. Med susa ned igjen til telt og middag, før me pakka saman og kjørde heim. Flotte dagar som frista til gjentaking.

Map     1 comment

To kara og nokre bjørna

Date:
18.05.2018
Duration:
6:02h
Distance:
16.2km

På tur med Anders andersaasen (Anders Osvoll Aasen) Kjørte til krossbu 17.mai eftan. Parkerte 21.50. Litt bæring av utstyr til camp før kveldsmat og natta. Våkna til sol på teltduken og karane var klar for tur. God frukost, pakking og avreise kl.10. Mykje folk på tur i det flotte veiret. Lite snøv opp til breen, men greit nok. Tok av skia et par plasser. Fint over breen til bjørnskardet, litt hard opp bakken til store. Men gjekk greit uten jarn. Var få på toppen før oss, men mange på veg opp. Mat og chilling på toppen før me gjekk til veslebjørn og vidare til veslebjørn vest. Då var det berre og kose seg ned breen på god snøv. Litt tråare forhold frå breen og ned. Ein super dag vart avslutta med ein bedre middag på primusen.

Map     1 comment

Skårasalen

Date:
10.05.2018
Map