Archive - Date
Archive - Activity
- Other trip (1)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
- Trip by foot (6)
Peakbook-Friends
Blåfjellet/Skryklingen
- Date:
- 19.09.2020
- Distance:
- 8.0km
Nydeleg ettermiddags- /kveldstur på Jølster. Vått i terrenget etter alt regnet
tidlegare i veka. Litt problem over snøfonna på toppen, glatt og hard. Ein hare sat i fin
positur nesten på toppen. Fin retur
ned ryggen aust for toppen. Fint sørover til Skryklingen, og retur til utgangspunktet.
Isvassnipa
- Date:
- 17.08.2020
- Distance:
- 16.4km
Strålande tur i det flotte veiret. Gjekk heilt frå Jølstravatnet, då det lågnom over veien.
Først gjennom skogen,og så på grusvei, nesten til stølen.
Fulgte sti litt forbi stølen men tok så av vestover, og kryssa elvane.
Tung bakke i varmen opp til første toppen på 1180. Litt grov ur eit stykke, men så greit
Vidare til topp to, og austover ryggen til oppstigning mot hovedrollen.
Bratt, med litt klyving opp til Isvassnipa. Strålande utsikt i alle retningar..
Det meste av dagens høydemeter unnagjort, sjølv om det gjekk litt opp og ned rundt
Egga til Austre Styggevassegga. Hadde ein topp igjen, men bestemte fort at det var på tide
Å gå unnabakkane. Tilbake i bilen 19.30, etter 7 t på tur.
Dagsturhytta Bremanger, 26/26
- Date:
- 09.08.2020
- Distance:
- 8.8km
Flott tur til Vetehyytta i Bremanger, dagsturhytte nr 26/26.
Start frå Grotlesanden, med bra stigning. Etter ei lite flate, var
det ny stigning, opp til det flate platået. Lettgått siste stykket bort til hytta
og toppen. Strålande bør, og flott utsikt. Mot sør Kinnaklova, Alden
Og Lihesten. I sørøst Ålfotbreen.

