Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Utvær

Dato:
11.08.2024
Distanse:
3,0km

Fantastisk tur til Norges vestligaste fyr, ute i havet vest om Solund. Med turlaget, og båt frå Rysjedalsvika. Veiret vart etter kvart fint og varmt. Eigen guide rundt om på øya, og opp i fyret. Èin minnerik dag i havgapet.

Kart    

Søgnesandnipa

Dato:
02.08.2024
Distanse:
11,1km

Kjempetur på Søgnesandnipa(1548 moh) i Sunnfjord kommune. Halve familien vart med. Tøft opp Lundeskardet, som er rekna som landets bratteste DNT sti. Flott då vi var ferdige med den bratte stigninga, på èin nydeleg dag. Gjekk opp på Tuva, før siste oppstigninga. Oppe på kanten lett terreng utover til varden. Jostedalsbreen i aust, og Grovabreen i vest, og ellers fjell over alt. I tillegg utsikt rett ned til Lunde, og utover Jølstravatnet. Èi påkjenning for knea nedigjen Lundeskardet, men alt i alt høydepunktet så langt i sommar.

Kart    

Flona, Kalvåg

Dato:
01.08.2024
Distanse:
1,1km
Kart    

Jubileumsstien, 2. etappe

Dato:
26.07.2024
Distanse:
5,8km
Kart    

Keipen, 1362 moh, høgst i Kinn

Dato:
23.07.2024
Distanse:
20,7km

For å forkorte turen litt, gjekk vi opp til Knekkebasshytta kvelden før. Hytta er ubetjent, og drifta av Keipen turlag (DNT). Starta herfra kl 08.25, og var på tur i neste 10 timar. Første partiet i skogsterreng, og litt bløtt. Etterkvart over skoggrensa, og innover mot Søre Hjelmevatnet. Som ellers i Ålfotenområdet, krevande terreng. Det blir mykje ur, og omvegar for å komme fram. Keipen er no kommunetopp i Kinn kommune, etter at Ålfotbreen har smelta nokre meter. På èin fin dag, kom det sjølvsagt nokre skoddedottar då vi nerma oss toppen, så utsikta vart ikkje perfekt. Retur samme vei, og no heilt til bilen, nesten 21 km på tur.

Kart    

Knekkevasshytta

Dato:
22.07.2024
Distanse:
2,2km
Kart    

Bærtur

Dato:
18.07.2024
Distanse:
6,2km
Kart    

Moldura (837 moh), Askvoll

Dato:
09.07.2024
Distanse:
9,2km

Tok båten over fjorden til båthamna i Holmedal. Kjedeleg start med eit par kilometer på asfalt. Ved vassverket startar den eigentlege turen. Litt vått etter siste regbveir, men ellers fint opp til dagsturhytta. Litt etter hytta vart eg teken igjenn av sonen, som tok turen over Dokka. Bra sti, og merking vidare mot toppen. Siste bratta er skikkeleg bratt, men så blir det god belønning på toppen. I det nydelege veiret, var det ei eventyrleg utsikt. Alle øyane vest om Florø, Bremangerlandet med Ålfotbreen og Gjegnalunden. I aust Jostedalsbreen, med Høgste Brekulen(?) i sør Stølsheimen. Retur same veg, og tilbake på hytta ca kl 23.00.

Kart    

Gressholmen

Dato:
03.07.2024
Kart    

Bergskogen

Dato:
01.07.2024
Kart