Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eitrenipa

Date:
29.09.2022
Distance:
10.0km

Stimerketur med Gustav i dag. Starta ved Markavatnet kl 9, før sola var framme. Møtte den då vi nerma oss Leknesvatna. Uvanleg fin dag, med klar luft, og lite vind. Stien vart godt merka, då toppen er på trimlista eit år framover.

Map    

Adlesi

Date:
10.09.2022
Distance:
4.5km

Map    

Utladalen dag 3

Date:
04.09.2022
Distance:
19.3km

Avgang kl 8 i dag ‘og, retning høgste punktet under Friken. Så dryg marsj ti Vettismorki. Her held DNT på å etablere eit nytt tilbod, med to oppussa/påbygde sel, då Ingjerdbu er historie. Forbi Vettisfossen der alt er avstengt, då det skal byggjast ny utsiktsplattform. Ned Vettisgjelet på stive bein, og èin velfortent vaffel. Til slutt den kjedelige grusvegen til Hjelle. 3 dagar med til saman 2700 høgdemeter, og 47 km.

Map    

Vettismorki

Date:
04.09.2022
Map    

Utladalen dag 2

Date:
03.09.2022
Distance:
16.6km

Frå Stølsmaradalen kl 8, med kurs for Midtmaradalen. Etter Snørestødet er det èin ganske bratt unnabakke, men vi kom trygt ned, og inn til elva som var grei å vade. Så transportetappe ned til innsteget for Kyrkjestigen. Og den såg minst like bratt ut, det vi såg Utla 400 m under oss. Alle kom trygt ned, og så var det å finne stien opp langs elva. Det var ei utfordring, her er det lenge sidan det vart rydda. Kom oss opp til Vormelid, der det vart èin god pause. Her er det mykje spennande historie i veggene. Vormelid vart rekna som èin av dei mest avsidesliggende gardene i landet. 9 - 11 timar til Fortun. Vidare til Storebrui, og Skogadalsbøen, der vi var dei siste som fekk servert middag denne sesongen.

Map    

Utladalen dag 1

Date:
02.09.2022
Distance:
10.1km

Èin gammal draum som skulle gå i oppfylling, å få gå Utladalen rundt. Starta på Hjelle fredag, med kurs for Vetti. Etter èin vaffel her, bar det ned til Utla. Så var det berre å starte klyvinga opp Brendeteigen, og inn i Stølsmaradalen. Her vart det overnatting plei ikkje alt for imponerande hytte. Kvelden var tilbrakt utandørs, sjølv ein heller kjølig kveld.

Map