Archive - Date
Archive - Activity
- Other trip (1)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
- Trip by foot (6)
Peakbook-Friends
Store Finsenut
- Date:
- 05.06.2022
- Distance:
- 8.7km
Strålande kveldstur på Finse. Kom til Brebua halv fem, og èin slik fin ettermiddag måtte nyttast.
Gjekk forbi stasjonen og vestover til Finseskardet. Mest på beina opp på toppen, og enda lenger på returen. Liten trekk akkurat på toppen, ellers stille og varmt. Oppom Vesle på returen, og fin oppvarming til morgendagen.
Hamlagrø2
- Date:
- 08.05.2022
- Distance:
- 8.3km
Etter ei helg med mykje god mat, gjorde det godt med èin skikkeleg tur.
Var ei lita runde med kona om formiddagen på truger, med varierande snøforhold. Vart litt
trakking på barmark no ‘og, men kommen opp om hyttefeltet vart det samanhengande snø.
Tok sikte på Krampane på veg opp, men var litt drygere enn eg forestilte meg.
Snøen vart fastere etter lenger opp eg kom, og temperaturen var på veg ned, saman med sola.
Fint og lett siste stykket opp, og vidare første stykket mot Hamlagrøhornet. Så vart det ei bratt oppstigning, før det flata ut, innover mot toppen. Flott kveld med lite vind, og sola som var snart nede. Flott utsikt til mykje fjell i alle retningar. I nord Stølsheimen, og i sør Fuglafjellet i Kvam, som eg har besøkt før. Prøvde på èin litt kortare veg ned, men >>>
Alnes
- Date:
- 24.04.2022
- Distance:
- 7.2km
Strålande tur på Godøya. Køyrde bort til bedehuset, litt kortare, men brattare i starten. Mykje folk på tur i dag, i det strålande veiret. Flott og lettgått terreng oppe med vatnet. Kona satt og venta, mens eg sprang bort på 100 meteren.
Mange flotte fjell å sjå austover i dei Sunnmørske alpene.